|
SOLVOGNA: Sjeldan hellesristing som ser ut som tohjula vogn med kusk, førespent av to hestar. (Sjå grafikk nede til høgre). Tilsvarande utforming av vognmotivet må ein til Sør-Sverige for å finne. (Foto/retusj.: A. Nybø, NRK) |
På Staveneset, ut mot havet og skipsleia, ligg ei mengd helleristingar og gravrøyser. I alt er det talt 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr.
|
Dei fleste helleristingane er av skip. (Foto/retusjering: Arild Nybø, NRK) |
Langs stranda ytst på sørsida av neset ligg helleristningsfelta og gravrøysene.
Helleristingsfeltet er merka med ei "løype" gjennom fornfeltet, men i 2002 er felta i dårleg forfatning, og det kan vere vanskeleg å få auge på helleristningane.
|
Vognmotivet. (Teikning: A. Nybø) |
Mest skipsfigurar
Helleristningane framstiller for det meste skipsfigurar, og er daterte til bronsealderen (år 1800-500 f.Kr.) Men det er også avbilda ei såkalla solvogn (sjå grafikk til høgre og bilete øvst) der to hestar er spent føre ei tohjula vogn. Dette er eit motiv som er svært sjeldant i helleristingar. Det næraste vognmotivet finn ein i Skåne i Sverige.
Også på Leirvågneset på Atløy er det funne ein del helleristingar. Her er m.a. teikningar av båtar og soler.
|
Gravrøys på Stavenes. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Vikingslaget i Stavenesvågen
Segna vil ha det til at gravhaugane kan stamme frå vikingetida, då det stod eit slag på Stavenesvågen. I følgje Snorre skal slaget ha vore mellom jarlen Håkon Grjotgardsson og
Atle jarl om herredømet på Vestlandet. Håkon jarl fall, og Atle jarl fekk også banesår. Han vart førd til storgarden på Atløy, der han døydde.
Ein veit ikkje sikkert kvar denne garden på Atløy låg, men den vert nemnt i einskilde kjelder som "kongsgard". Nokre meiner den låg på Herland. På denne garden skal Egil Skallagrimson ha drepe gardsstyraren Bård i eit drikkelag. Også Erik Blodøks (sjå om Svanøy:
Maktsenter i landsdelen) skulle ha vore med på spetakkelet i "kongsgarden" . Han sette etter manndreparen Egil, men denne berga seg ved å symje over til ei øy - truleg Sauesundøy.
|
Langs stranda på Staveneset er det tett med gravrøyser og helleristingar. (Foto: Arild Nybø, NRK) |