|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Gulen: Konkursar og brennevin på gaukCarsten Jakobsson var kremmar og gjestgjevar frå 1707 til 1716, då han gjekk konkurs. Den som tok over var bergensaren Lars Pederson Møhlen, men heller ikkje han fekk lønsemd ut av det. Skjerjehamn vart selt på tvangsauksjon, men i 1738 greidde enkja etter Lars Pedersson Møhlen, Ingeborg, å kjøpe staden tilbake. Publisert 21.10.2002 11:08. Oppdatert 07.11.2002 13:39.Men ho måtte låne dugeleg mykje pengar for å få det til, og for å dekkje renter og avdrag, sende ho to karar ein sundag til Eivindvik for å selje brennevin på gauk når folk kom ut ifrå preika. Dei fekk selt eit par flasker, men så kom lensmannen og slo ut resten. Ingeborg, som hadde sendt karane, fekk bot.
Møhlen selIngeborg Møhlen (1675-1776) selde Skjerjehamn i 1746 til Berte Katrine Brede, og saman med ektemaken Gabriel Jæger dreiv ho Skjerjehamn i nærare 40 år. Også dei spedde på inntekta med sal av brennevin, tobakk og piper kring kyrkja i Eivindvik.
Jæger selde Skjerjehamn i 1795 til Torgeir Olsson Bjelland og busette seg sjølv på husmannsplassen Blidensol, der han levde av småfiske.
Kortvarig eigarskapI 1797 vart Skjerjehamn seld til Lars Olsen Helland frå Hosanger. Han dreiv både gjestgiveriet og handelen fram til 1838, då Nathanael Sunde Ross frå garden Rosenborg i Sogndal tok over. Men Ross skulle ikkje verte eigar meir enn eit par år, for då vart Skjerjehamn med brennevinsbula og det heile kjøpt av sjølvaste presten i Gulen!
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|