|
Skjerjehamn i 1930. Då var den store epoken for øya over. (Foto © Fylkesarkivet) |
Otto Schreuder flytta i 1918 tilbake til fødebyen Bergen og overlet drifta av alt han hadde skapt i Skjerjehamn til dottera Gunnhild og svigersonen Johannes Ivarson Steine (1877-1945), som i 1905 hadde starta ein trevarefabrikk i Fardal i Årdal kommune. Steine flytta denne fabrikken til Dingja i Gulen i 1908.
Han bygde også eit kraftverk i Dingjeelva i 1917 til drift av maskinene i "Dingen Tønne- og Trevarefabrikk", men selde
fabrikken i 1918 til Peder B. Strand for å konsentrere seg om drifta i Skjerjehamn.
Nothenge og notbarkeri
Forretninga på kaia i Skjerjehamn vart då driven vidare under namnet O. Schreuders Eftf. Steine bygde nothenge og notbarkeri i 1922. I 1926 bygde han ny butikk og bakeri og fekk ordna med vassbasseng og sikker vassforsyning. I samband med trelastlageret som svigerfaren hadde starta, fekk Steine i 1927 bygt ei sag som vart driven av eit lite, oljefyrt kraftverk.
Sal og avvikling
I 1931 bygde Steine slipp og mekanisk verkstad. Den økonomiske krisa på 1930-talet råka også Skjerjehamn. Steine måtte avvikle trelastlageret, og selde både nothengja og slippen til Sigurd Rognsvåg, som i 1946 selde vidare til Ingolf Troland. Seinare har det vore fleire eigarskifte, men hovudhuset er teke vare på og sett i stand til fritidsbustad. I bygningane ved kaia er det innreia eit lite museum med minne frå ei faren tid.
Utover 1930-talet tapte Skjerjehamn si betydning som trafikknutepunkt: Medan Fylkesbaatane hadde 17 stopp i veka i 1927, var det berre åtte ruter som gjekk opp under kaia i Skjerjehamn i 1937, og kring 1950 var det så godt som slutt på alle båtrutene dit.
I 1927 vart den gamle "bondestova" i Skjerjehamn, det gamle gjestgiveriet, flytta til garden Vatsvik like ved og brukt som fjøs.
Moderne overnattingsstad
I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar
Ola Braanaas Skjerjehamn frå Bjarne, Arne og Målfrid Hesvik, og byggjer staden om for kring 20 millionar kroner til reiselivsverksemd for båtturisme, overnatting og kursstad.