I 1956 vart vegsambandet frå Smørhamn til bygdene kring Bremangerpollen opna, og båtrutene vart tekne opp att med Karl Vadøy som ekspeditør.
Smørhamn vart fast stoppestad for ekspressbåtane på Nordfjord frå 1972. I 1974 vart Smørhamn ferjehamn på trekantsambandet Florø-Smørhamn-Kjelkenes -
fram til Norddalsfjordbrua vart opna i 1987 og det var nok med ferjesamband Smørhamn-Kjelkenes.
Tidleg på 1600-talet er det opplyst at ein mann som budde i Berle og heitte Elling (f. 1594), livnærte seg som skysskaffar, gjestgjevar og strandfut.
Rugsund
|
Rugsund |
var gamal skysstasjon, og kom med som stoppestad på dei første postførande dampskipsrutene som trafikkerte kysten kring 1850 – d.v.s. før Fylkesbaatane vart skipa i 1858. Same året som fylket skipa sitt eige ruteselskap, søkte kjøpmann Thomas A. Friis om rutestopp ved handelsstaden, men fekk avslag. Ut på 1860-talet kom likevel Rugsund med på Fylkesbaat-ruta Nordfjord-Bergen.
Kjøpmann Petter Chr. Wiese, som overtok den gamle handelsstaden Rugsund i 1893, ville byggje kai for rutebåten ved eigedomen sin på Rugsund-øya, men bygdefolket på fastlandet protesterte. Wiese vann først fleirtalet i Fylkesbaat-direksjonen på si side, men bygdefolket vann likevel til slutt og fekk kai på fastlandet i 1919. Her vart Alfred Haugland ekspeditør.
Rugsund vart rutestopp for ekspressbåten som vart sett opp på Nordfjord-ruta frå 1970. På 1970-talet vart skipsløpet gjennom Rugsundstraumen mykje utmudra slik at m.a. ekspressbåten kunne gå trygt gjennom.
Rugsundstraumen hadde frå gamalt av vorte brukt av nordfjordingane når dei reiste med jekt til Bergen. Då "landdrog" dei skipa sine gjennom den tronge straumen.
|
Davik ca. 1910. © Fylkesarkivet |
Davik
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1860 – eitt år etter at selskapet hadde starta rute Bergen-Nordfjord. Soknepest Meyer var den første ekspeditøren. Frå 1924 overtok kjøpmann Pål Drageset som ekspeditør. Siste rutebåten gjekk opp under kaia i Davik i 1997, og gjennom heile epoken var Drageset-familien ekspeditørar.
|
M/S Sunnfjord rende på land ved Otteren natt til 10. mars 1967. Ukjend fotograf |
Kalvåg
Fiskeværet Kalvåg fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1862 med kjøpmann Kristoffer Dahl som ekspeditør. Kalvåg fekk dampskipskai i 1880-åra. Også konkurrerande dampskipsruter mellom Møre og Bergen hadde rutestopp i det blømande fiskeværet Kalvåg kring 1900.
På 1950-talet fekk Kalvåg anløp av ferjeruta som var sett opp mellom Florø og Smørhamn på sørspissen av Bremanger-øya. Dette ferjeanløpet fall bort då Kalvåg og resten av Frøya fekk brusamband over Oldersundet i 1977.
|
Amtskaia i Kalvåg |
Inngangspengar til Kalvåg-kaia
Folk som ville ned på kaia for å sjå på dampen i Kalvåg, måtte betale inngangspengar. I eit smug ned til Knudsen-kaia stod "Prylen" og kravde inn pengane. Han fekk oppnamnet sitt fordi han gav gutungar som lurde seg unna ein dask over baken. Liknande inngangspengar til kaia vart også kravd inn i Vik og Sogndal, sjå:
Billett for å sjå dampbåten i Vik og:
Billett for å sjå på "dampen" i Sogndal.
Berle
vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1876. Innløpet til Berlepollen er grunt, og i mange år dreiv ein mudring der for å gjere skipsleia djupare. I 1956 kunne endeleg eit større skip, lastebåten "Hornelen", passere sundet og leggje til kai i Berle – ei bygd som heilt fram til vegsambandet kom i 1976 var avhengig av båt til omverda.
|
Ålfoten |
Ålfoten
fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1877. Fjordisen var m.a. årsak til at dampskipsekspedisjonen låg i den einbølte Askvika ute ved munningen av Ålfotenfjorden dei første åra. På 1870-talet var det difor planen å byggje veg ut til Askvika, men vegen vart berre fullført mellom Førde og Vik. Rutebåtkaia vart då flytta til Vik, og seinare til Myklebust. H.M. Vik vart ekspeditør i Ålfoten på 1890-talet.
Heilt til ferjesambandet Isane-Stårheim vart opna i 1972, vart Ålfoten, Isane, Dombestein og Davik trafikkerte dagleg av ei mjølkebåtrute til Nordfjordeid - driven av Martin Førde.
Bremanger
|
Grotlesanden. (Foto: Rune Møklebust, NRK © 2002) |
fekk rutestopp av ein lokalbåt som heitte "Bremangerholm" på 1880-talet.
Kristoffer Hovden (1874-1960) frå Hovden i Flora var ein av dei første som skaffa seg oljedriven motorbåt i Sogn og Fjordane, og med "Sendingen" starta han like etter 1900 ei båtrute Bremanger-Bergen. Seinare kom "Sendingen II", som Hovden brukte i ruta fram til andre verdskrig. Om sommaren frakta "Sendingen" m.a. badeturistar frå by'n
til Grotlesanden.
Etter krigen leigde Hovden og sonen Ragnvald bort "Sendingen II" til Fylkesbaatane m.a. til ruta Bremanger-Bergen. Seinare gjekk denne båten, og deretter den innleigde båten "Opstad", i ruta Berle-Måløy med mellomstopp.
Botnane
vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1886. I 1965 vart det bygt ny kai i Korsnesvikja på sørsida, og det vart råd å få med bilar og tyngre løft med heisekran. I 1969-1970 vart innløpet mudra slik at ferja kunne gå til kai i Botnane.
|
Botnane vart stoppestad i 1886. (Foto: Ragnvald Søgnesand, NRK) |
Hennøy
fekk rutestopp av Fylkesbaatane på 1890-talet.
Kjelkenes
fekk rutestopp av Fylkesbaatane tidleg på 1890-talet. Bygda låg sentralt til i Gulenfjordane, og hadde fått postkontor i 1871. Ferjeleiet på Kjelkenes kom i 1974 (sjå under)
Isane
fekk fast rutestopp av Fylkesbaatane kring 1900. I 1920-åra kom bygda med på lokalruta Måløy - indre Nordfjord. Ekspeditøren, kjøpmann A.O.Førde, bygde kai i 1936. Ferjesambandet Isane-Stårheim vart opna i 1972, og samstundes vart den lokale båtruta lagd ned.
Skatestraumen
fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1903, og var fast stoppestad på lokalruta Måløy-Berle så lenge denne gjekk.
Rylandspollen
i Bremanger fekk rutestopp av ein lokalbåt i 1908. Denne gjekk i rute mellom Bremanger, Florø og øyane i Kinn.
Svelgen
fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1917, men alt året før hadde Fylkesbaatane sin ”Nordfjord I” gjort ekstratur til Svelgen i samband med kraftutbygginga som gjekk føre seg der i regi av A/S Bremanger Kraftselskab. Bygda fekk fast rutestopp året etter, då kaia på Riseøyra vart teken i bruk. I den første tida nytta kraftselskapet skyssbåten M/B ”Roald” for frakt av folk og smågods til og frå rutebåtkaia på Kjelkenes. I 1919 kjøpte dei ein raskare båt, M/B ”Svelgen”, og i tillegg var M/B ”Brødrene” ein kjend skyssbåt i Svelgen i åra kring 2. verdskrig. I 1958 kjøpte Bremanger Smelteverk inn skyssbåten M/B ”Vantit” som vart nytta både til vanleg persontransport og til sjuketransport heilt fram til Svelgen fekk vegsamband mot Florø i 1965.
Leirgulen
fekk rutestopp av Fylkesbaatane kring 1915.
Bortnen
fekk rutestopp ca. 1917. Fram til 1998 vart bygda trafikkert av "Opstad" i den lokale ruta som gjekk mellom mange bygder i Bremanger og Måløy.
Ferjesambandet Måløy-Oldeide
opna i 1947
|
Oldeide ferjekai. Foto: Ottar Starheim |
Ferjesambandet Stårheim-Isane
vart opna i 1972.
|
Isane ferjekai. Foto: Ottar Starheim |
|
Norddalsfjordbrua |
Ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn-Florø
vart opna i 1974. Då Norddalsfjordbrua opna i 1987, vart Florø sløyfa.
Snøggbåten Nordfjord-Bergen
har i dag anløp i Smørhamn og Leirgulen.