Anders Bertelson Hantveit (1857-1938) frå Hantveit i Austgulen. Bonde og jordbrukspioner, meierilærar og Høgre-politikar.
Gjekk folkehøgskule i Sogndal 1877-1879 og jordbrukshøgskule på Ås 1879-1881. Studerte meieribruk i Rogaland, og fruktdyrking.
Vart reisande agronom og meierilærar i Sogn og Fjordane 1881-1892, og bonde på Hantveit frå 1882. Han kjøpte ein av dei første mjølkeseparatorane til fylket i 1887, og planta ut kring 300 bærbusker.
I 1907 starta han eksport av bær til England. Bæra senda han i sponkorger som dei laga på garden (sjå også: "
Bærplukking i Hornindal" og "
Bærdyrking i havkanten"). På det meste produserte hagen på Hantveit 6 tonn rips og 12 tonn solbær i året.
I 1902 skipa han Gulen Skoglag, og planta sjølv 200 dekar skog.
Ordførar 1890-1911 og medlem av fylkesutvalet. Vararepresentant til Stortinget 1898-1900. Fekk ei rad utmerkingar for pionerinnsatsen for jordbruket, m.a. gullmedalje frå Selskapet Hagedyrkingens Venner.