Sognefjord flygruppe hadde i desse første krigsdagane også provisoriske stasjonar i Eivindvik og Sogndal. I Eivindvik hjelpte bygdefolket til med å taue sjøflyet inn til land og kamuflere det.
Eit av dei norske flya i Sogn gjekk den 30. april til åtak på to tyske krigsskip ved Skjerjehamn utan at bombene traff. Dei to mineleggjarane "Tyr" og "Uller" hadde tyskarane erobra frå den norske marinen.
Skipa vart bomba på nytt ved Losna nord for Sognesjøen - sjå:
Invasjon og vaktpostar. "Uller" vart skadd og sett på land. "Tyr" plukka opp mannskapet på det havarerte skipet og freista å stikke av mot Bergen, men vart på nytt angripen i Folefotsundet ved Eivindvik av ei gruppe norske soldatar som hadde teke seg vestover frå kampane i Valdres. Ein tysk marinegast vart drepen, og fleire som stod ute på dekk vart såra.
"Tyr" svara på elden ved å fyre granatar mot land.
Etter åtaket på den tyske båten, evakuerte mykje folk frå Grønevik og Eivindvik fordi dei ottast at tyskarane ville hemne seg, men noko åtak kom ikkje.