Utanom thranittarlaga (sjå:
Politiske parti og rørsler i Sogn og Fj.) som vart skipa i indre Sogn kring 1850, var det Florø som var først ute med eit lokalt arbeidarlag: Berre 10 år etter skipinga av Det norske Arbeiderparti (DNA) den 22. august 1887 vart Florø Arbeiderlag skipa i 1897. Dei første åra før Landsorganisasjonen vart skipa i 1903, tok dette laget seg også av reint fagpolitiske saker lokalt.
Liste til stortingsvalet
Det neste arbeidarlaget som ein kjenner til i fylket, vart skipa i Innvik i august 1909 etter opptak av
Jens Ivarson Hilde, og same året stilte dette laget liste til stortingsvalet. Det var arbeidarmiljøet ved
Indviken Uldvarefabrikk som utgjorde kjernen i dette lokallaget.
I 1915 eller 1916 vart Nedre Lærdal Arbeiderforening skipa, og dei dreiv m.a. bibliotek med eigen lesesal. I same huset fekk også den første arbeidaravisa i fylket, Sogns Socialdemokrat (sjå:
Aviser og media i Lærdal), kontor då avisa vart skipa i 1919.
Høyanger Arbeiderparti vart skipa i 1919. Her var forløparen på eit vis fagforeninga Høyanger Træarbeiderforening som vart skipa i 1917.
Tre krinslag frå 1918
I 1918 vart det organisert tre krinslag: Indre Sogn Kretsparti, Ytre Sogn Kretsparti og Kinn og Omegn socialdemokratiske fiskerforening. Ved stortingsvalet i 1918 stilte desse tre regionale partilaga eigne vallister som tilsaman fekk 1.062 røyster. Ved kommunevalet same året fekk partiet inn tilsaman 31 representantar i kommunestyra.
Dei to regionlaga i Sogn vart slegne saman til Sogn Arbeidarparti i 1920, og i Nordfjord gjekk arbeidarlaga i Eid, Gloppen og Innvik saman. Men desse regionlaga vart berre eit kort mellomspel før ein organiserte fylkeslaget om hausten same året.
Kløyvd kommunistsyn
I 1923 vart den norske arbeidarrørsla kløyvd i synet på medlemskap i Den kommunistiske internasjonalen. Også i Sogn og Fjordane vart Arbeidarpartiet kløyvd, og eit fleirtal i styret gjekk med NKP. Etter oppmoding frå DNA sentralt vart fylkespartiet reorganisert i 1927 ved at fylkeslaga av Det norske Arbeiderparti og Norges socialdemokratiske parti slo seg saman under namnet Sogn og Fjordane Arbeidarparti med M. Sørbotten frå Vadheim som første formann.
På Stortinget frå 1927
Anders A. Lothe frå Florø vart partiet sin første representant på Stortinget i 1927.
Partiavisene
Partiaviser for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har vore:
«Sogn og Fjordane Socialdemokrat» – først skipa som avis i Lærdal (sjå:
Aviser og media i Lærdal) og flytta til Vadheim i 1921. Avisa gjekk inn i 1922.
«Hjallarhorn» starta av Tor Grønnevik i Førde i 1935, og frå 1938 til den gjekk inn i 1940 partiorgan for Arbeidarpartiet.
«
Sogn Folkeblad» som vart skipa i 1938, og frå 1968 til den gjekk inn i 1997 kom ut som dagsavis i Høyanger under namnet «Sogn Dagblad».
«
Firdaposten » i Florø, skipa i 1948.
Begge dei to siste vart eigde av Norsk Arbeiderpresse.
Eige kvinneutval for fylket vart skipa i 1933.
Sogn og Fordane AUF vart skipa i 1935.