SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Fråhaldsrørsla

IOGT-barnegruppe på Hafslo. Foto: Olav Reppen, utlånt av Kirstina Hillestad
IOGT-barnegruppe på Hafslo. Foto: Olav Reppen, utlånt av Kirstina Hillestad
Fråhaldsrørsla, med Det Norske Totalavholdsselskap (skipa 1859), I.O.G.T. (skipa 1877), Blå Kors/Kvite Band, MA – Motorførernes Avholdsforbund - har med vaksenforeningar og barnegrupper vore mellom dei største organisasjonane i Sogn og Fjordane.

Publisert 23.01.2006 08:30. Oppdatert 20.02.2007 13:21.


Den første fråhaldsrørsla

Fråhaldsarbeidet i Noreg starta midt på 1800-talet:
Forbodet mot heimebrenning vart oppheva i norske byar i 1792. I 1816 vart forbodet mot brennevinsbrenning oppheva også på landsbygda. Dette førde til ein sterk auke i alkoholkonsumet og mykje sosial naud.
Etter nokre år med frislepp var det mange, særleg opplyste prestar og embetsfolk, som såg at noko måtte gjerast dersom folk ikkje skulle gå til grunne i alkoholmisbruk.
Frå 1830 og utover innførde difor Stortinget fleire restriksjonar på brennevinsproduksjon og -omsetning, og dei første lokale måtehaldsforeningane vart skipa. Desse gjekk i 1845 saman i Den norske Forening mod Brændeviinsdrik. Bak denne landsforeninga stod teologistudenten Kjeld Andresen. Denne foreninga var i verksemd fram til 1869. Det norske Afholdsselskab var ein annan organisasjon som kom til på 1840-talet, og saman mobiliserte desse to 35.000 medlemer.
I 1851 hadde dei politiske tiltaka og arbeidet til fråhaldsfolket ført til at årskonsumet av brennevin var kome ned på seks liter pr. innbyggjar.

Opplysningsprestane først ute

Det første organiserte arbeidet mot det veksande alkoholmisbruket i Sogn og Fjordane var nok då opplysningspresten Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik for eigne midlar kjøpte skjenkestovene i Brekke i 1827 og Skjerjehamn i 1840 for å hindre at lokalfolket fekk kjøpe brennevin der.
– Les også artikkelen Brennevinsplager og prestesorger.

Elles var det på denne tida fleire prestar som i rapportar til biskopen klaga over tuskhandel med brennevin kring kyrkjene på preikesundag. Grunnen til denne usømelege handelen kring kyrkja var at det var der flest folk samlast. Einskilde stader høyrer ein at presten tok affære og fekk den lokale lensmannen til å bøteleggje ”syndarane” – både dei som selde og dei som skjenkte seg på kyrkjesundag.

Det første fråhaldslaget som ein kjenner til i Sogn og Fjordane, vart skipa i Aurland i 1843 og heitte ”Urlands Prestegjelds Maadeholdsforening”.
I 1854 skipa dei aktive haugianarane i Vevring Vevring Afholdsforening i 1854.

Totalfråhaldslaga

Men mange meinte at dersom fråhaldkampen skulle vere effektiv, måtte ein kjempe for totalforbod mot all alkohol, og ikkje berre mot brennevin: Det måtte setjast forbod også mot produksjon og omsetning av både øl og vin, og ikkje berre brennevin.
Kvekaren og privatskulelæraren Asbjørn Kloster hadde foreningar som var skipa i England og USA frå 1806 og utover som føredøme, då han i 1859 skipa Stavanger yngre Afholdenhedsforening med 120 medlemmer. I innbydingsteksten til stiftingsmøtet stod det at det skulle opprettast ei forening som påla medlemmene å halde seg borte frå brennevin, vin og øl – altså totalfråhald.
I 1875 var denne rørsla landsomfattande og fekk namnet Det Norske Totalavholdsselskap – DNT. Laget fekk sitt eige medlemsblad, Menneskevennen, som frå 1888 kom ut kvar veke.
Mange av dei lokale fråhaldslaga som var skipa på ”folkeleg grunnlag” kringom i Sogn og Fjordane frå 1840-talet og utover, gjekk no inn som medlemmer i DNT.

Fråhaldshovdingen Ola S. Isene frå Davik

DNT nådde toppen i 1913 med 139.500 medlemer i 1.433 lokallag. DNT var dermed ein av dei største frivillige organisasjonar i Noreg i si velmaktstid. Mykje av æra for dette hadde formannen på den tida, Sven Aarrestad.
Men han hadde også god hjelp av Ole Steffensen Isene (1867-1943) frå grenda Isane i Nordfjord. Isene var reisetalar i DNT i to år og redaktør for ”Menneskevennen” frå 1906 til 1921. Han vart leiar av ein annan fråhaldsorganisasjon, indremisjonens Det Blå Kors, frå skipinga i 1906 til 1913 og frå 1920 til 1924. Frå 1924 til 1940 var Isene generalsekretær i Blå Kors, og gav elles ut ei mengd skrifter om fråhaldsrørsla.

Politisk kamp

Frå 1883 la DNT hovudvekta på det politiske arbeidet: Det galdt å få lover og reglar som sette forbod mot produksjon, sal og skjenking av alkohol.
Kring 1880 skipa kristenfolket sine eigne fråhaldsorganisasjonar:
Blå Kors vart skipa i Geneve i 1877, og det første norske laget vart skipa i Oslo i 1906
Blå Bånd, som hadde opphav i Pittsburgh i USA i 1877, kom til Noreg i 1882 då det første laget vart skipa i Oslo. Totalfråhaldsrørsla Blå Kors vart skipa i Geneve i 1877 og fekk det første norske laget i Oslo i 1906. Blå Bånd og Blå Kors vart slegne saman i 1924.
I USA danna kristne kvinner Det Hvite Bånd 1874, og i Noreg kom det første laget i 1889.
I 1895 vart Avholdsfolkets Landnevnd (frå 2003 Actis) skipa som eit samarbeidsorgan mollom dei ulike fråhaldsorganisasjonane, og saman vart dei ei svært sterk politisk lobbygruppe både mot regjering, Storting og lokale styresmakter. Avholdsfolkets Landsnevnd med Sven Aarrestad i spissen stilte jamvel med eige parti ved Stortingsvalet dette året: Avholdspartiet. I Sogn og Fjordane valde fråhaldsfolket i staden for å stille eigne vallister å øve press frå Venstre for å få inn sine folk på tinget ( sjå nedanfor).
Fråhaldsrørsla i Noreg nådde den største medlemsmassen i 1919, då dei ulike organisasjonane talde tilsaman 257.300 medlemer.

Alkoholforbod på Fylkesbaatane

Kampen mot alkoholen vart ført både på nasjonalt og kommunalt nivå. I Sogn og Fjordane arga det fråhaldsfolket mykje at fylket sitt eige selskap – Amtsbaatane – skjenka øl og vin til passasjerane. Etter press frå fråhaldfolket vedtok fylkestinget i 1909 ”indtil videre” å setje forbod mot øl- og vinservering, med unntak for turistsesongen om sommaren.
Fråhaldslaga i Ytre Sogn gjekk saman i eit krinslag i 1912, og dette krinslaget blanda seg sterkt opp i partinominasjonen til Venstre ved Stortings-vala, der dei kravde å få sine folk med på listene.

Heksejakt?

Lokalt var det kan hende fråhaldsfolket i Vik og Vangsnes som gjekk mest handgripeleg til verks. I denne kommunen er det registrert heile 19 fråhaldslag, dei fleste skipa i tida frå 1899 til 1914. Mange av ”aksjonane” som fråhaldfolket i Vik kommune sette i verk
hadde ein snev av heksejakt og gapestokk over seg:
På Vangsnes vert det fortalt om fanatiske fråhaldsfolk som nekta folk å skjere nokre få lauvris i skogen deira når dei skulle bryggje øl. Då ein annan var i gjestebod der det vart servert konfekt med alkohol-smak, braut han konfektbiten av og la den demonstrativt frå seg urørd på tallerkenen!
I Vik Totalsafholdsforening, skipa 1885, vart det ført namnelister over medlemmer "som tildels efter løse rykter ikke er å tro". Namna på desse vart førde i protokollen, og "alle disse skulde tales ved".
Fråhaldslosjen "Vikingskjold" vart skipa i Vik i 1911 etter opptak frå Hans Grov. Denne losjen var like nidkjær i jakta på fråfalne som Vik Totalsafholdsforening. Ei eiga domsnemnd straffa dei som vart tekne. I 1911 vart det ført regelrett "rettssak" med vitne og det heile mot ein kar som hadde drukke litt akevitt og heimebrent. Vedkomande ungdom møtte ikkje til "rettssaka", men vart likevel dømd til utestenging frå losjen i fleire veker. Ein annan "syndar" vart i 1916 ekskludert for "gjentagne ganger aa ha vist sig beruset inde paa offentlig butik (Rivedals), saavelsom nede på amskipsbryggen".

I.O.G.T. først under Bergen

Den internasjonale godtemplarordenen vart skipa i 1851 og kom til Noreg i 1877 då ”Første Norske” vart skipa i Porsgrunn. Den første lokale I.O.G.T.-losjen i Sogn og Fjordane vart skipa i Florø i 1887 og heitte ”Florø Værn”.
Då distriktslosje ”Fremad” vart skipa i Bergen i 1887, vart lokale I.O.G.T.-losjar både i Nordfjord , Sunnfjord og Sogn høyrande under denne fram til det vart skipa eigne distriktslojsar i Nordfjord og Sunnfjord i 1918.
Eitt av dei mest synlege merka etter I.O.G.T. på Vestlandet er ”godtemplarhøgskulen” på Frekhaug i Hordaland, seinare Åsane Folkehøgskole.

Nordfjord distriktslosje av I.O.G.T.



Sunnfjord distriktslosje av I.O.G.T.



I.O.G.T. i Sogn



I.O.G.T. i fylket vert samla

Distriktslosjane i Sunnfjord og Nordfjord vart i 1988 slegne saman til Fjordane distriktslosje. I 1994 vart Fjordane distriktslosje og Sogn distriktslosje slegne saman til Sogn og Fjordane distriktslosje, eller I.O.G.T. i Sogn og Fjordane, som orgnasjonen no heiter. Lokale losjar i Sogn høyrde heilt fram til denne samanslåinga under distriktslosje Fremad med hovudsete i Bergen.

Fylkeslaget gav i åra 1994–2002 ut medlemsbladet ”Fjordtemplaren” med Erling Bogstad, Førde, som redaktør. Frå 2003 vart bladet eit fellesorgan for fylkeslaga til I.O.G.T., Det norske totalavholdsselskap og Kvite Band og fekk namnet ”Rusfri framtid” med Erling Bogstad og Vidar Bergset som redaktørar.


DNT – Det Norske Totalavholdsselskap

Nordfjord fylke av DNT vart skipa i 1907.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no