SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Symfoniorkester

Fleire stader i Sogn og Fjordane vart det tidleg på 1900-talet skipa kammermusikkgrupper og små orkester som spela klassisk musikk.

Publisert 23.01.2006 11:56. Oppdatert 01.02.2006 13:12.


Slike orkester fann ein m.a. i Måløy, Nordfjordeid, Sandane og Breim: Moldøens Orchesterforening skipa ca. 1910–1920. Oppstryn Strykeorkester vart skipa i 1919 og hadde opptil 10 orkestermedlemmer, dei fleste på flatfele. Eids Orkesterforening vart skipa i 1927, Austrheim Musikklag skipa 1917 og Breimsmusikken skipa 1897. Repertoaret til desse musikklaga var lettare klassisk musikk og dansemusikk. Av gamle bilete kan ein sjå at
instrumentsamansetjinga på desse første kammerensembla varierte, truleg fordi medlemmene tok med seg inn i orkesteret det instrumentet dei spela sjølve. Men strykeinstrumenta var sjølvsagt sentrale.

Det var dei lokale ”bygdeorkestra” som la grunnlaget for skiping av dei store regionale symfoniorkestra og Sogn og Fjordane Symfoniorkester på 1970-talet (sjå nedanfor)


Symfoniorkesteret i Sogn

Symfoniorkesteret i Sogn vart skipa i 1973. Bak dette stod Anders Andersen, Jon Røislien, Reidulf Drageset, Johnny Jørgensen og Holm Andersen. Orkesteret vart etter kvart bygd opp til ein kjerne på kring 30 musikarar, men kunne ved spesielle konsertar ”låne” inn musikarar,slik at ein var oppe i 60 instrument.
Symfoniorkesteret i Sogn har ved fleire høve samarbeidd med Musikkselskapet Harmoniens Orkester i Bergen.
Symfoniorkesteret i Sogn var i drift i nærmare 20 år.


Sunnfjord Orkesterforening

Sunnfjord Orkesterforening vart skipa i 1975 av Albert Øen, Per Eggen og Kristian Solvang frå Førde. Orkesteret har på det meste mønstra 20–25 musikarar som i hovudsak har kome frå Førde og grannekommunane i indre Sunnfjord, men også frå Dale og Florø.
Orkesterforeninga kjøpte på byrjinga av 1980-talet inn strykeinstrument og starta undervisning for born. Instrumenta vart gjevne til den kommunale musikkskulen i Førde då denne vart starta.
Sunnfjord Orkesterforening var med på skipinga av Sogn og Fjordane Symfoniorkester (sjå nedanfor) i 1977.


Sogn og Fjordane Symfoniorkester

Ei drivande kraft innan orkestermusikk i fylket frå 1970-talet og utover har vore Anders Andersen frå Leikanger. Etter først å ha stått sentralt ved skipinga av Symfoniorkesteret i Sogn i 1973, fekk han skipa Sogn og Fjordane Symfoniorkester i 1976. Orkesteret hadde debutkonsert på Sandane den 5. mars 1977 med Rolf Bækkelund frå Gjøvik som dirigent. Sogn og Fjordane Symfoniorkester talde på det meste bortimot 60 medlemmer frå heile fylket. Aktiviteten døydde ut på 1980-talet fordi det kravde mykje arbeid å organisere øvingar og konsertar i eit spreiddbygd fylke med lange reiser.

Sogn Ungdomsorkester

Sogn Ungdomsorkester heldt debutkorsert i Sogndal den 18. januar 1992. Orkesteret talde 45 unge musikarar, og var rekruttert frå born og unge frå kommunale musikkskular kringom i Sogne-bygdene. Tanken var å utvide orkesteret til å verte eit ungdomsorkester for heile Sogn og Fjordane. Men etter sju–åtte års drift svikta rekrutteringa til strykeinstrument, og orkesteret vart lagt ned.

Vestlandsk Sommarsymfoni

Sidan 1979 har NASOL – Norske Symfoniorkesteres Landsforbund – skipa til Vestlandsk Sommarsymfoni på Nordfjordeid. NASOL tel kring 55 orkester i heile landet.
Kvart år samlar kurset på Nordfjordeid kring 100 deltakarar frå heile landet. Desse øver inn eitt eller fleire stykke under seminardagane, som vert avslutta med konsert. Denne har for det meste vorte halden i kulturhuset i Stryn.

Distriktsmusikarar

I 1987 vart kom det løyvingar på statsbudsjettet til skiping av distriktsmusikargrupper. Ordninga i Sogn og Fjordane vart organisert i samarbeid mellom Rikskonsertane, fylkeskommunen og einskildkommunar: På fire stader i fylket, Sogndal, Høyanger og Gloppen vart det skipa grupper i 1987, og Førde kom etter i 1988. I kvar gruppe er det fire profesjonelle musikarar som skal dele tida si mellom utøvande verksemd og instruksjon.
Høyanger trekte seg ut av ordninga i 2004, medan Førde planlegg å utvide si gruppe.
Sidan 2002 har Sogn og Fjordane fylkeskommune innleia samarbeid med Bergens Filharmoniske Orkester (tidlegare Musikkselskapet Harmoniens Orkester) som kvart år sidan har halde konsertar i kulturhusa i fylket.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no