|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Krigshistoria i Sogn og Fjordane: Marinekommandoen til BalestrandPå same vis som hæren måtte trekkje seg ut av Bergen mot Voss, hadde Marinen den 12. april flytta kommandosentralen i desse første kaotiske krigsdagane frå Bergen til Kviknes Hotell i Balestrand. Publisert 25.01.2006 20:21.
Kommandoen der vart kalla Sognefjord Sjøforsvarsavsnitt. Kommandoen disponerte m.a. eit par sjøfly som vart løynde i Esefjorden.
Dei små og opptil 66 år gamle krigsskipa som marinekommandoen på Vestlandet hadde til rådvelde, vart også trekte til Sogn i eit patetisk forsøk på å hindre at den moderne tyske marinen skulle trengje inn Sognefjorden.
Sjøforsvarsavsnittet disponerte jagarane ”Garm” (bygd 1913) og ”Troll” (bygd 1910), torpedobåten ”Snøgg” (bygd 1920), ubåten ”B 6” (bygd 1929), mineleggjarane ”Gor” (bygd 1884) og ”Vale” (bygd 1874!), og minesveiparane ”Djerv” (bygd 1897) og ”Dristig” (bygd 1898).
Dei to siste vart senka av eige mannskap, jagaren ”Garm” vart senka den 26.april, og resten av den mildt sagt umoderne, vestlandske marineflåten vart teken som krigsbyte
og uskadeleggjort av den tyske overmakta.
Sognefjord Sjøforsvarsavsnitt kapitulerte den 1. mai, same dagen som sjefen for landforsvaret på Vestlandet kapitulerte og rømde nordover.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|