SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Sogn og Fjordane Turlag

Bødalssetra i Stryn er eit populært turmål
Bødalssetra i Stryn er eit populært turmål
Sogn og Fjordane Turlag er lokallag av DNT og vart skipa i 1983 med sju lokale turlag som medlemmer frå starten.

Publisert 21.06.2006 10:54. Oppdatert 14.09.2006 13:09.

Luster Turlag vart medlem i 1993, og Årdal Turlag og Vik Turlag i 2003. Sogn og Fjordane Turlag har kontor i Førde saman med i Indre Sunnfjord Turlag.

Lokale turlag:



Luster Turlag

vart skipa i 1971. Laget gav i 1976 ut boka ”Vandring i Lustrafjell” og i 1994 ”Lustrafjell – om fjell og fjellfolk”. Luster Turlag eig hytta på Fivle og steinhuset på den restaurerte høgdegarden Fuglesteg. Begge desse hyttene vert administrerte gjennom DNT.

Indre Sunnfjord Turlag

vart skipa i 1971. Etter eit mislukka forsøk på å få bygd ei hytte i Årdalskupa i Jølster låg laget nede fram til 1984. I 1989 vart Longevasshytta på turen Årdal i Jølster – Nes i Naustedalen opna. Hytta Massbu ved Øvre Laukelandstølen vart opna i 1999 og Nipebu i Askvoll i 2001. Indre Sunnfjord Turlag hadde i 2005 kring 1000 medlemmer. Frå 1990-talet har laget omfatta kommunane Naustdal, Jølster, Førde, Gaular, Fjaler og Askvoll.

Årdal Turlag

vart skipa i 1973. Turlaget har vore aktive i utbygging av vegar og turistiar i Utladalen, og nyttar den nedlagde fjellgarden Avdal og stølsselet som høyrer til som losji.

Midtre Nordfjord Turlag

vart skipa i 1978 og har medlemmer frå kommunane Eid og Gloppen. Laget hadde i 2005 348 medlemmer.

Indre Nordfjord Turlag

vart skipa i 1977 og er eit lokallag for Stryn og Hornindal kommunar. I 2005 hadde laget vel 300 medlemmer. Det skipar m.a. til årlege turar til Lodalskåpa og Honndalsrokken. Indre Nordfjord Turlag har ytt økonomisk hjelp og dugnadsinnsats for å setje i stand den private hytta Flatsteinsbu. Laget fekk eiga barnegruppe i 2005.

Lærdal Turlag

vart skipa i 1990, og fekk eiga barnegruppe i 2000.

Andre turlag i Sogn og Fjordane:

Ytre Nordfjord Turlag skipa 1985
Keipen Turlag i Bremanger skipa 1990
Flora Turlag (eig hyttene Grytadalsbu, Blåbrebu, Børabu og Gjegnabu)
Vik Turlag
Sogndal Turlag.


MEIR OM SOGN OG FJORDANE FYLKE 
Sogn og Fjordane fylke
Fakta om Sogn og Fjordane

 
Fylkesordførarar og fylkesrådmenn
Milestolpar i Sogn og Fjordane fylkeskommune
Statlege institusjonar i Sogn og Fjordane

 
Lyd frå Sogn og Fjordane fylke
Video frå Sogn og Fjordane fylke
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no