|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Nasjonalparkar og naturvern i Sogn og Fj: Aurlandsdalen vart ei nasjonal sakI 1969 gav Stortinget klarsignal til den enorme utbygginga av Aurlandsfalla som skulle vare langt inn på 1980-talet. Publisert 14.02.2007 13:50. Aurland kommunestyre og fylkestinget hadde tilrådd, og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane tala varmt for utbygging. Men etter kvart viste det seg at Oslo Lysverker hadde teke konsesjon så sjølvsagt at dei hadde tjuvstarta med anleggsarbeidet før alt var formelt i orden. Bygdefolk og kommune visste om dette, men det var først då Stortinget gav konsesjon at dei klassiske naturvernarane vakna til protest.
Første kraftkonfrontasjonenStriden om Aurlandsdalen frå 1969 og utover var den første store nasjonale konfrontasjonen mellom naturvernarar og utbyggjinginteresser. På den eine sida sto naturvernarar - i hovudsak byfolk. På den andre sto bygdefolk og kommune, alliert med kraftutbyggjarane og eit fleirtal på Stortinget. I striden om Aurlandsdalen vart
det for første gong i Noreg tala om "sivil ulydnad" mot stortingsvedtak . Dei mest militante aksjonistane ville lage "lenkegjeng" framfor anleggsmaskinene. Slikt vart det ikkje noko av i Aurland, men kom for fullt i Mardøla-aksjonane i Romsdal i 1971. Der deltok m.a. seinare justisminister Odd Einar Dørum, og filosofiprofessorane Arne Næss og Sigmund Kvaløy i sit-ned-aksjonar framfor gravemaskinene, og vart fjerna av politiet.
Harme på "byfolket"Striden om Aurlandsdalen hamna i dei mest sentrale fjernsynsprogramma i NRK, og fekk førstesideoppslag i riksavisene. Aurlendingane var på si side harme fordi "byfolket" blanda seg inn i det som hende i deira eigen kommune. Aksjonistane i Aurland fekk ikkje hindra utbygginga, men fekk gjort store endringar m.a. med vassføring og kraftlinebyggjing, slik at Aurlands-reguleringa vart langt meir skånsam enn først planlagt.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|