|
Husum hotell tidleg på 1900-talet. Mange av laksefiskarane budde her. (Foto © Fylkesarkivet) |
Dei første engelske sportsfiskarane oppdaga Lærdalselvi på 1830-talet: I 1836 skriv engelskmenn som har overnatta på Husum Hotell om "good salmon fishing". Den første engelskmann som skriv om elva, er William Bilton i 1837. Men den første tida var ikkje Lærdalselvi sett på som noko "dronning mellom lakseelvar" fordi ho var grunn.
På 1840-talet fekk sportsfisket større omfang, og mange utlendingar kjøpte faste fiskerettar i Lærdalselvi. Ein av dei første faste sportfiskarane i Lærdal var James Randell, som fiska i elva frå ca. 1853 og sette opp leigekontrakt. Fiskekameraten John C. Musters kjøpte
Kapteinsgarden på Ljøsne i 1876, og kjøpte opp fiskerettar i store deler av elva. Seinare har Kapteinsgarden vore eigd av søkkrike engelske og norske sportsfiskarar. Musters og seinare eigarar av Kapteinsgarden kjøpte gjerne heile gardar for å sikre seg fiskeretten til garden.
Dei fleste større gardane oppover dalen tok imot velståande laksefiskarar som losjigjestar. Ofte flytte eigarane ut og overlet
|
Prins Knud av Danmark. |
hovudhuset til laksefiskarane i sesongen, slik ein t.d. gjorde på garden Molde. På garden Øye vart det bygd eige "fiskarhus". Andre laksefiskarar budde på hotella på Husum eller på Lindstrøms på Lærdalsøyri. Det såkalla Sviggumhuset eller "Nøisomhed" (bygd av kaptein Hans Thee i 1851) vart tidleg på 1900-talet kjøpt av mrs. Lambert, kona til ein engelsk laksefiskar. Ho leigde ut rom til fiskarar fram til 1940, då eigedomen vart kverrsett av tyskarane.
|
Sir Thomas Sopwith (© San Diego Aerospace Museum) |
På Lindstrøms Hotell budde m.a. prinsane Knud og Axel frå Danmark og den steinrike og eksentriske briten Sophwith (sjå eigne artiklar om
Husum Hotell og Lindstrøms Hotell under "
Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm").
Kong Harald drog sin første laks i Lærdalselvi i 1953, og var sidan ein årviss gjest i elva, der han fiska mykje saman med elveeigar Per Hjermann. Han hadde ofte med seg Olaf Olsen som kleppar, ein av dei mest kjende lakseklepparane i Lærdalselvi.
|
Elveeigar Per Hjermann hjelper kronprins Harald å dra inn laks frå Lærdalselvi i 1984. (Foto: NRK) |