bygt 1862. Arkitekt Chr. H. Grosch. Byggmeister Anders Basteson Isdal, Nordhordland.
bygt 1901. Arkitekt og byggmeister Anders Korsvold. Altartavle av Wilhelm Bjørknes - kopi etter Adolph Tidemand.
Byrknesøy kapell
bygt 1972. Arkitekt Johan Tveit. Byggmeistrar Odd Ånneland og Marschall Unneland. Altartavle frå 1911 måla av Wilhelm Bjørknes. Anna inventar og utstyr frå byggjeåret eller seinare. Kapellet fekk ei kyrkjeklokke som takk for innsatsen ved berging etter forliset til skipet "Austri" i 1979 - sjå:
Ulukker i Gulen.
Tidlegare kyrkjestader
På det som truleg var den gamle Gulating-staden på Flolid, nemner prost
Niels Griis Alstrup Dahl at det skal ha lege ei kyrkje i mellomalderen. Dette kan vere same kyrkja som er nemnt i Håkon Håkonsson saga, der det heiter at kongen bygde ei kyrkje på Guløy, ei halvøy som ligg like ved Flolid. Lokalkjende meiner at omgrepet Guløy ikkje berre femde om halvøya, men om eit vidare område der også Flolid var med. Dahl nemner også kyrkjer på Hauge og på Nesstranda.
Fleire kyrkjer og kapell
Truleg har det lege ei kyrkje på Asheim aust for Risnefjorden, og eit kapell på garden Ynnesdal.
På Kyrkjøy på Rutletangane har det i mellomalderen lege ei kyrkje eller kapell. M.a. i 1350 er den nemnt som "Rutzla kirika". Kyrkja målte 11 x 6,6 meter. Like ved kyrkja var det ei gamal jektehamn, og frå 1746 og ein kort periode var her gjestgiveri.
Ei segn fortel om eit brurefylgje som drukna i Brosvikvatnet på veg frå Dingja til Kyrkjøy. På stille dagar kan ein framleis sjå brurekruna blenkje på botnen!
Menighetshus for pinsevenene
I 1949 vart det stifta ei pinseven-menighet i bygdene kring Brandangersundet, og i 1954 bygde pinsevenene eige forsamlingshus - Betania - i Fivelsdal.