Marinekommando Vestlandet bygde under 1. verdskrig ein signalstasjon ved Eivindvik. Under 1. verdskrig fann ein lika av 16 engelske soldatar drivande i ein livbåt.
Under krigsutbrotet 9. april 1940 vart den norske marinen sine sjøfly ved stasjonen på Flatøy ved Bergen evakuerte i to grupper. Den eine vart stasjonert i Hardanger, og den andre i Sogn
- om farten til Shetland og skyssing av motstandsfolk i dei norske fjordane.
Det første store forsvarsanlegget som tyskarane bygde i Sogn og Fjordane, var torpedobatteriet ved Rutledal. Dette var på plass alt i mai 1940.
Vestanfor torpedobatteriet i Rutledal stod eit sterkt kystfort stridsklart i mai 1941.
Ei mil vestanfor torpedoanlegget og festninga i Rutledal vart fortet på Risenes bygt i 1942. Dei som budde der vart tvangsflytta.
Den 14. november 1944 vart Fylkesbaatane sitt skip d/s "Gula" bomba av 20 allierte fly ved Dingja. Ombord var 30 passasjerar.
Minebelte
Fleire stader i Gulen vart det lagt ut minebelte under 2. verdskrig. Eit av sunda som vart sperra, var Grimesundet mellom Klokksøy og øya Grima. Dette gjorde at fiskarar frå Mjømna måtte gå ein lang omveg på ein time ekstra når dei skulle til og frå fiskefelta vest for Byrknes.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
I november 1942 styrta eit tysk Junker 52 transportfly i tett skodde i Tangedalskaret i Masfjorden.
Under 2. verdskrig budde bergensaren Sofus Kahrs i ei hytte på Timbreøya, som han eigde ved Eivindvik. Han var nazist, og greidde etter krigen å flykte til Argentina i lystbåten "Solbris".