Dalsbygda Meieri og Midthunvaagen Meieri på Underthun i Eivindvik starta i 1892. Det siste vart lagt ned i 1895, men like etter vart det skipa nytt meieri i Gryta, som var i drift til ca. 1918. I Dalsbygda var det meieri fram til 1918, då det kom meieri på Dalsøyra.
I 1893 kom Eidsbotn Meieri i Halsvik, Nordgulfjorden Meieri og Slettelandet Meieri.
Kring 1920 kom Dalsøyra Meieri/Eidsfjord (sjå
John Jonsson Kjellevoll), Nordgulen Meieri, Austgulfjorden Meieri og Byrknes Meieri. Nokre av desse meieria leverte mjølka vidare til Manger Meieri i Nordhordland.
I bygdene langs Sognefjorden var det mange som leverte til det store Høyanger Meieri frå det vart bygt i 1932.
I 1958 kom Eivindvik Meieri i drift i kjellaren under Olav Midthuns butikk. Den mjølka som meieriet ikkje produserte og omsette lokalt, vart sendt til Bergensmeieriet.