|
Rekefangst. (Foto: Magne Helge Sleire, NRK) |
Dei første som tråla reker i Sogn og Fjordane, var to haugesundarar som kom til Gulen i 1907. Vi kjenner berre stilling og etternamn: Styrmann Lindtner og maskinist Børresen. Dei eigde ein liten dampbåt, og var stasjonerte hos
Otto Schreuder i Skjerjehamn.
Laga reketrålar
Mellom dei som studerte haugesundarane nøye når dei fiska og lærte metoden, var brørne
Ludvik Furnes og Truls Furnes. Særleg Ludvik vart ein føregangsmann, og fekk tilnamnet "Rekekongen". Han sette inn motor i ein gamal storebåt og starta rekefiske med trål i 1909. Dei to brørne fekk først låne ei not hos "Selskabet for De norske fiskeriers fremme" i Bergen. Første halet var vellukka, og Furnes-karane skjøna at dette var noko å satse på. Men dei fekk avslag då dei ville kjøpe reketrålen frå Bergen. Då tok dei like godt ei finmaska not i naustet til faren, skar den opp og rigga den om for rekefiske.
Fiska til russargrensa
I 1912 var Ludvik Furnes den første som drog nord om Stad på rekefiske, og vart pionéren på dette fisket heilt til russargrensa. Fleire på Furenes tok etter Ludvik og skaffa seg reketrålar sjølve, og ei tid var det ein heil flåte som dreiv rekefiske med Furenes som base. Den vesle grenda vart eit senter for rekefiske på Vestlandet.
Rekefabrikk
|
Nykokte reker. (Foto: M.H. Sleire, NRK) |
På Bessaker i Trøndelag vart Ludvik Furnes medeigar i ein rekefabrikk, og då han gav seg som fiskar, rigga han seg til med eit renseri og pakkeri for reker i ei av dei store buene som han hadde bygt heime på Furenes. Dette gav kjærkomne arbeidsplassar for kvinnene i bygda. Rekene gjekk til Kavli-fabrikkane i Bergen og til Sverige.