|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Gulen: Fiskarbonden og silda | Fiskarbondemuséet på Byrknes. (Alle foto: Ingvild Ramstad, NRK) |
På Byrknes har fiskarbonden fått sitt eige museum: I fleire hus og sjøbuer er det samla reidskapar, garnbruk og båtar som viser korleis mann og kone på småbruk langs kysten arbeidde og livnærte seg i gamle dagar. Publisert 29.10.2002 15:43. Oppdatert 15.11.2002 20:48.LYD OG VIDEO
Fiske frå småbåtar var eit hardt og fårefullt liv. Det vitnar lista over dei tallause ulukkene i øykommunen om - sjå: Ulukker i Gulen.
| Interiør i eit naust på muséet. |
For fiskarbonden var det vanleg å delta i dei årlege sesongfiskeria. Særleg vintersildfisket med landnot. Langt innover Gulafjordane var det vanleg å eige sildenot, og gode kastevågar var gull verd. I 1937 vart det største sildesteng som er gjort i Gulen sett i Byrknesøyane. Fleire notlag frå Gulen, Solund og Hordaland stengde då inne mellom 45.000 og 50.000 hektoliter sild. Notbasane som dirigerte fangsten var Eilert E. Byrknes og Eilert Endresen.
| Sildefiske i Gulafjordane tidleg på 1930-talet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Elles var det også vanleg at fiskarar frå Gulen tok seg hyre på notbruk frå andre distrikt enn å utruste eige notbruk. Såleis var det kring 100 mann berre frå Brekke-området som år om anna vart hyrte som mannskap på landnotbruk i Solund.
| Fiskarbondemuséet på Byrknes. |
SE OGSÅ
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|