Den kjende diktar-presten var sokneprest i Davik i 40 år. Frå 1800 til 1817 også prost i Nordfjord.
Han var fødd i Selje, og fekk også tilnamnet «sildapresten» fordi han dreiv fiskebruk og sildesalteri, i tillegg til jordbruk.
|
Selje prestegard der Claus Frimann vart fødd |
Mest kjend for diktet «Ondt ofte lider den fiskermand». Gav ut åtte bøker, m.a. «Almuens Sanger» (1790), andaktsbøker for «almuen» og ei spesiell andaktsbok for fiskarar.
Kommandør av Dannebrogs orden.
Bygde staseleg hus
På Davik arva Claus Frimann ein del av garden Ytre-Davik etter mora i 1785. Han bygde eit staseleg herskapshus på to etasjar og med halvvalma tak på høgda over sjøen. Huset vart seinare flytta til storgarden Vik i Stryn, der det står framleis.
Claus Frimann anla ein flott hage med vegar, og planta trealléar og frukttre. Nede ved fjorden bygde han ei bryggje. Eigedomen kalla han 1821 for «Frimannslund», og garden vart i åra som fylgde ein samlingsstad for overklassen i Nordfjord med den festglade diktarpresten som vert for store festar.
Claus Frimann planta også ein eigen «diktarlund» av furetre like ved kyrkja på Davik.
Forretningstalent
I tillegg til prestegjerninga, var Claus Frimann ein dyktig forretningsmann som dreiv stort med eigne jekter, sildebruk og salteri. Mellom storgardane som Claus Frimann slo under seg i Nordfjord, var den kjende sorenskrivargarden
Leikvin på Løken i Eid. Denne garden kjøpte han i 1803.
Son til
Sara Cold Frimann, bror til
Peter Harboe Frimann jr., og far til
Peder Harboe Clausson Frimann.