Hurtigruteskipet som var bygt for Stavangerske Dampskipsselskap i Danzig i Polen i 1926 var på 1.345 bruttotonn. Det var på sørgåande då det på ettermiddagen ca. klokka 18:45 vart bomba av seks allierte fly på Stadhavet.
Ei bombe råka skipet like framfor skorsteinen og sette «Sanct Svithun» i brann. Skipet vart sett på grunn ved Kobbeholmen vest for fjellet Hovden ved Ervik.
Bygdefolket berga mange
Ved ein heltemodig innsats som det går gjetord om, berga Ervik-folket i robåtar 75 eller 76 menneske frå å drukne. Dei berga mange frå Buholmen ved å fylgje båra inn under klippane, og ro på dragsuget ut att i smul sjø.
Norsk og tyske omkom
Ein er ikkje heilt sikre, men meiner at 19 av mannskapet og 22 eller 26 norske passasjerar omkom. I tillegg omkom mellom 10 og 12 tyske soldatar.
Blant dei omkomne var Håkon Bjørlykke frå Stadlandet, som var postmann ombord på hurtigruteskipet.
Samuel Alshager var kaptein på skipet frå 1928 og til det forliste.
Vraket glei seinare ut av Kobbeholmen og sokk på djupare vatn.
Strid om minnekapell
Under krigen freista Quisling-regjeringa å utnytte den allierte bombinga av «Sanct Svithun» i propagandakrigen:
Dei ville byggje eit minnekapell i Ervik, men planen møtte sterk motstand og vart sabotert av lojale nordmenn så godt det let seg gjere. Kaptein
Samuel Alshager meinte imidlertid at minnekapellet måtte sjåast uavhengig av krigssituasjonen, og støtta at det vart reist som eit minne om dei omkomne.
Kapellet vart bygt
I 1970 vart minnekapellet etter ulukka bygt i Ervik. Skipsklokka frå vraket vart berga og vert nytta som kyrkjeklokke i kapellet. I kapellet er det også ei lita minneutstilling kring forliset.