Hopp til innhold

Få med deg fylket på PC'n din!

Bli med NRK Sogn og Fjordane på flotte turar i fylket – medan du sjølv sit framfor skjermen i godstolen i di eiga stove!

SJÅ BILTUREN: Slik ser Lustrafjorden ut frå bilen. Foto og redigering: Truls Kleiven

I serien med minutt for minutt-videoar på NRK.no har turen komme til Lustrafjorden inst i den spektakulære Sognefjorden. No kan du lene deg tilbake i godstolen og nyte dei vakre bileta frå indre Sogn.

– Dette er ikkje noko forsøk på å kopiere suksessen med sendinga frå Hurtigruta. Dette er berre eit artig forsøk på å syne litt av det vakre landskapet Sogn og Fjordane har å by på. Vi har gjort opptak av fleire turar, som vi kjem til å publisere med jamne mellomrom, seier redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske.

NRK opplevde stor suksess med satsinga «Hurtigruten: Minutt for minutt», og i etterkant har fleire kasta seg på minutt for minutt-konseptet.

I sommar filma reiselivsjournalisten Andrew Evans heile køyreturen gjennom Lærdalstunnelen.

No har NRK Sogn og Fjordane festa eit kamera på bilen til frilansfotograf Truls Kleiven. Gjennom fleire innslag kan du nyte synet av flotte turar gjennom fylket.

Du kan sjå tidlegare minutt for minutt-videoar her:

Opplev vakre Fjærland

Sjå Kvivsvegen for første gong

Sjå turen Olden - Briksdalsbreen