Kristian Faye (1859-1954) frå Bergen. Overrettssakførar og industrigründer.
Første fossekjøparane
Kjøpte saman med skipsreiar og fabrikkeigar Peder Jebsen, Dale, fallrettane til vassdraget i Stongfjorden 1897. Dette er ved sida av Dyrneslivassdraget i Vadheim (
Vadheim Elektrochemiske Fabrikker) det første fossekjøpet i Sogn og Fjordane i ”fossekjøpstida”, som la grunnlaget for elektrokjemisk industri.
Torvkolfabrikk
Faye og Jebsen bygde først ein stor torvkolfabrikk i Stongfjorden – og då denne ikkje lønte seg, ein trekolfabrikk. Dei selde i 1906 fallrettane i Stongfjorden til
British Aluminium Company , som bygde Nordens første aluminiumsverk på Stongfjord-krafta.
Svelgen-vassdraget
Faye kjøpte også fallrettane i Svelgen-vassdraget i 1906 saman med skipsreiar Wilhelm Torkildsen. Dei vart grunnleggjarane av Bremanger Kraftselskap (sjå
Ålfotsaka og
Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret).
I 1911 kjøpte Faye og Torkildsen fallrettane til Store Førsvatnet i Ålfoten for 6000 kroner, og vatnet derifrå vart seinare leia vestover til kraftstasjonen i Svelgen.