|
Knut Kirkhorn var første ordføraren. |
Første ordførar i Hornindal var kyrkjesongar og stortingsmann Knut Kirkhorn - sjå:
Kjende personar i Hornindal. Ein viktig grunn for at Hornindal vart skilt frå Eid, var Hornindalsvatnet, der det kunne vere uframkomeleg i lange periodar vinterstid på grunn av dårleg is.
Kortvarig ekteskap med Stryn
Ved kommunereguleringa i 1964 vart Hornindal kommune lagt ned, og hovudparten av kommunen gjekk inn i storkommunen Stryn saman med Innvik kommune. Dei vestlegaste bygdene av Hornindal langs vatnet, på sørsida frå og med Holmøyvik og vestover, og på nordsida frå og med Navelsasker og vestover, gjekk til Eid.
|
Grodås. |
Eigen kommune att
Honndølene fann seg aldri tilrettes i storkommunen, og etter iherdig lobby-arbeid – ikkje minst av ”gamleordførar”
Kåre Maurset, vedtok Stortinget å gjenopprette Hornindal som eigen kommune i 1977. Kåre Maurset vart første ordførar i den restaurerte kommunen. Men Hornindal fekk ikkje med seg tilbake dei delane av gamle-Hornindal som gjekk til Eid i 1964.
Kommunehuset
Etter 2. verdskrig fungerte ei ombygd tyskarbrakke som kommunehus, i bruk fram til 1995. I 1995 tok kommunen i bruk nytt rådhus på Grodås – ”Smia”.
|
Grodås er kommunesenter i Hornindal. |