|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Hornindal: Svormuséet | Anders Svor Museum ligg på Grodås. (Foto: Arild Nybø © 2001) |
Svormuséet med ein stor del av arbeida til bilethoggaren Anders Svor (1864–1929) ligg like ved sentrum på Grodås. Publisert 27.08.2001 12:57. Oppdatert 15.12.2006 08:21.LYD OG VIDEO
| Gipsoriginal av Anders Svor. (Foto: Arild Nybø © 2001) |
| Statue av laga av Anders Svor. (Foto: Arild Nybø © 2001) |
Muséet vart opna i 1953, og den landskjende historieprofessoren Francis Bull heldt opningstalen. Det var ikkje minst takka vere bror til kunstnaren, Ola R. Svor, at kunstverka som Anders etterlet seg, vart sikra i eit muséumsbygg. Anders Svor er gravlagd i heimbygda.
Svormuséet var det første muséet som vart reist i Sogn og Fjordane for ein einskild kunstnar. Sidan har m.a. Nikolai Astrup fått si samling på eige muséum i Bergen, Ludvig Eikaas på Jølster, Hans Gjesme i Lærdal, Johannes Vinjum i Lærdal, m.fl.
Då muséet vart opna, var dei fleste skulpturane berre i gips. Sidan har kommunen, delvis med støtte frå institusjonar og private, fått gjort avstøypingar i bronse som er plasserte utandørs i parken kring muséumsbygget.
Svormuséet vart utvida og pussa opp i 1992.
Sidan 2004 har Svormuséet i Hornindal vore ein del av Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|