|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Naustdal: Den utrulege Naustdals-ulven | Dagfinn Berg (t.v.) og Henrik Berg med storfangsten i 1950. Fotograf Reiakvam vart kalla inn for å ta dette biletet, og sakkunnige i Bergen kunne dermed stadfeste at det var ein ulv karane hadde skote.. |
Ein haustdag i 1950 dreiv Dagfinn Berg og syskenbarnet Henrik Berg og grov ut ei hyttetomt ved Vonamarka, inst i Naustedalen. I nysnøen oppdaga dei spor etter eit rovdyr. Dei tok børse med og fylgde spora til fjells. Ved eit vatn fekk dei auge på eit stort dyr som freista å kome seg unna opp eit skar. Publisert 15.10.2001 10:19. Oppdatert 22.01.2007 14:53.LYD OG VIDEO
| Dagfinn Berg fortel historia på ny i reportasjen ovanfor. |
Etter nokre skot fekk dei felt dyret. Men ulven var offisielt utrydda for meir enn eit halvhundre år sidan, og dei to jegerane våga mest ikkje nemne fangsten då dei hadde fått det digre beistet til gards. Men ryktet gjekk, og folk strøymde til. Heller ikkje lensmannen torde seie sikkert kva dyr det var, og tilkalla distriktslegen (!) frå Førde.
Og dr. Bydal torde å seie det: Det var ein diger hannulv dei to Berg-karane hadde felt – over eit halvt hundreår etter at ulven offisielt skulle vere utrydda frå Sør-Noreg! Eit foto til endå meir sakkunnige i Bergen måtte til før alle var heilt sikre på den utrulege jakthistoria. Naustdals-ulven var eit einsleg streifdyr som hadde trekt vestover. Den vart send til Bergen Museum for utstopping, og har ved seinare høve vore stilt ut i Sunnfjord.
| Ulven var ei tung bør for Henrik Berg. Foto: D. Reiakvam |
Sjå også: Dei siste ulvane i Fjordane?.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|