Arbeidde som fullmektig hjå futen i Sogn 1870-1876, amtsfullmektig frå 1876 og lensmann i Sogndal frå 1879 til 1916.
I 1888 kjøpte Lem saman med andre
A/S Sognefjorden Uldvarefabrikk frå skotten
Wilfred Burton Rowley Kennedy. I 1902 kjøpte han den gamle handelsstaden
Moldøen i Vågsøy, men flytta sjølv aldri dit. Same året kjøpte han ein av dei første motorbåtane i Sogn og Fjordane.
Den vart noko seinare selt til Bottolf Styvi frå Næryfjorden, og gjekk på folkemunne under namnet ”Purkao”.
I 1914 gjorde han opptaket til skipinga av Sogndal Aktebageri - det som seinare vart Sogndal Samyrkelag.
Lem-hagen
I Sogndal planta han m.a. ut ein stor frukthage på eigedomen sin. Denne vart seinare kjent som "Lem-hagen".
Han var elveeigar og vart første leiar i Sogn Laksestyre frå 1894 til 1909.
Lem var også ein ivrig jeger, og skaut m.a. tre bjørnar.