Han kommanderte 50 verva soldatar som saman med lærdalsbønder bygde vegen frå Filefjell og eit stykke ned dalen.
I 1802 kom løytnant Jürgensen tilbake til Lærdal i eit anna ærend: Lærdalsbøndene hadde frå gamalt av fritak for militærteneste fordi dei hadde mykje pliktarbeid på Kongevegen. Kronprins Fredrik ville ha slutt på denne "særordninga", men Lærdals-bøndene sette seg imot. I spissen for ein militærstyrke på 500 mann kom løytnant Jürgensen til Lærdal og arresterte leiarane for opprøret.
Den fremste opprørsleiaren,
Anders Olson Lysne, vart dømd til døden og avretta i Bergen 1803.
Løytnant Jürgensen vart i 1802 utnemnt til kaptein og sjef for det nyskipa Leirdalske lette Infanteri Compagni (sjå "
Krigshistoria i Lærdal"), som i krigen mot svenskane i 1808 gjorde ein stor innsats. Jürgensen vart utnemnd til major og fekk Dannebrogs-ordenen. Jürgensen flytta seinare til Hole på Ringerike, der det er reist stor bautastein over han og Det Lærdalske Kompani ved kyrkja.