SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Lærdal - Lindstrøm hotell:

Styrtrike og eksentriske turistar

Det var den danske prins Axel som fekk bygd Prinsehytta i hotellhagen til Lindstrøm hotell. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Det var den danske prins Axel som fekk bygd Prinsehytta i hotellhagen til Lindstrøm hotell. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Frå slutten av 1800-talet strøymde velståande turistar til Lærdal for å fiske laks i den fiskerike Lærdalselva. Dei fleste tok inn på Lindstrøm Hotell. Ein av desse var engelskmannen Mr. Robinson, som teikna kart over elva og sette namn på hølane.

Publisert 16.01.2002 11:30. Oppdatert 01.02.2002 13:06.
Prins Knud av Danmark.
Det er frå dette kartet at mange laksehølar i Lærdalselva har engelske namn. Frå 1920-talet vart dei danske prinsane Axel (1888-1964) og Knud (1900-1976) faste fiskargjestar på Lindstrøm Hotell. Dei drog med seg fleire kongelege gjestar. I 1934 fekk prins Axel bygd sitt eige hus i hotellhagen, den såkalla "Prinsehytta". Hytta står slik den danske prinsen overlet den til hotellet då han døydde i 1964.

Yachten til Sopwith vart seinare kongeskipet "Norge".
Dei styrtrike britane Sir Thomas Octave Murdoch Sopwith (1888-1989) og kona Lady Sopwith gjorde mykje av seg på 1930-talet: Dei kom med eigen yacht til Lærdal (denne vart etter 2. verdskrig bygd om til kongeskipet "Norge").
Men herskapet sjølv tok fly saman med butler, eigen forstmann og kammerjomfru. Dei vart henta i Oslo og køyrde til Lærdal i drosje.
Flyingeniør og industrialist Sir Thomas Sopwith (© San Diego Aerospace Museum)
Dei hadde alt utstyr med seg - til og med madrassar og linty! Industribyggaren og flyingeniøren Sopwith vert rekna som far til jetalderen i luftfarten,

Under 2. verdskrig vart hotellet brukt av den tyske generalen Engelbrecht som hovudkvarter under hærsetjinga av Sogn. Hotellet vart brukt som soldatheim resten av krigen.

Neste side:
· Brannen på Lindstrøm hotell
Hovedside:
· Forretnings- og hotellfamilien Lindstrøm


MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no