Då Den Trondhjemske Postvei frå Bergen til Trondheim kom i 1795, skapte den etter kvart stor aktivitet i den brattlendte grenda Faleide på nordsida av fjorden, omlag ei mil vest for Stryn.
Endestopp for Fylkesbaatane
Fjordkryssinga gjekk nemleg mellom Utvik og Faleide. Då Fylkesbaatane starta dei første rutene sine i 1858, vart Faleide endestopp for rutene på Nordfjord, og her kom både posthus og seinare også telegrafstasjon. Faleide vart såleis innfallsport for dei første turistane til Nordfjord. Herfrå vart dei rodde inn til Loen og Olden. Frå Faleide vart det seinare starta ruter med ein liten dampbåt, "D/S Faleide", til dei inste fjordbygdene Stryn, Loen og Olden, og til Innvik og Utvik. Bygda hadde kring 1860 to handelsmenn, dampskipsekspedisjon, postopneri og rikstelefonstasjon. Den eine handelsmannen var Rasmus Gerhard Evje, som kom frå Bergen og etablerte seg i 1858. Bygda var også tingstad.
|
Olai Tenden. |
Bergensar førstemann
Den første handelsmannen som slo seg til på Faleide, var Rasmus Gerhard Evje frå Bergen. I 1858, same året som dampbåtrutene starta, opna Evje landhandel på Faleide, men selde etter eit par år til Johan B. Sivertsen. I 1866 selde Sivertsen vidare til Lasse C. Nordstrand. I 1872 overtok Vilhelm A. Øyestad handelen, og i 1891 kjøpte handelsstaden på auksjon.
Olai Tenden kom frå Bergen og tok over den eine butikken og gjestgiveriet i 1869, og bygde det første turisthotellet i Nordfjord i 1872, sjå
Tendens Hotell og Central Hotell, bilete nedst på sida). Seinare eit anneks nærmare sjøen (Velumhuset, som seinare vart rive og sett opp att ved Tendens Hotel Central på Visnes).
Satsa på Strynefjellsvegen
Olai Tenden rekna med at den nye turistvegen over Strynefjellet, opna i 1894, ville gjere dampskipskaia på Visnes i Stryn til eit nytt trafikk-knutepunkt for turismen. Han opna difor det store Central Hotell, sjå
Tendens Hotell og Central Hotell, men overlet drifta der til sonen og flytta sjølv utatt til gamlehotellet og handelen sin på Faleide. Men helsa heldt ikkje lenge, og Olai Tenden selde difor alt han eigde på Faleide til Arne K. Bruland.
Senter i Innvik
Faleide vart og i praksis senter i tidlegare Innvik kommune: Her møttest kommunestyret, her låg Innvik Sparebank, og både distriktslege (frå 1885), dyrlege og fylkesgartnar for Indre Nordfjord heldt til på Faleide.
Turismen førde med seg skiping av ”Faleide dampskibsselskab”, ”Faleide Kalchekompani” og ”Faleide Trillekompagni”. Dei to siste skyssa turistar med hest heilt til Hellesylt og til Øye i Norangsdalen.
|
Tendens hotell på Faleide vart det første turisthotellet i Nordfjord. |
Måtte avvikle
Men det skulle vise seg at Faleide som trafikk- og handelsplass hadde utspelt si rolle: Det nye vegnettet hadde skapt nye reise- og handelsvanar kring fjorden. Arne K. Bruland måtte avvikle, og i 1910 kjøpte Innvik Sparebank eigedomen til banklokale og kommunehus for Innvik kommune.