|
Utstilling ved Jostedalsbreen Nasjonsparksenter. (Foto: NRK) |
Utanom overnatting og skyss, vart det tidleg lagt til rette for såkalla ”aktivitetstilbod” til turistane: Bøndene vart breførarar og lakseklepparar, og alt i 1891 bygde distriktslege Kloumann eit steinhus for overnatting på det 1848 meter høge fjellet Skåla i Loen -
Kloumannstårnet.
Frå 1880-talet gjorde mange seg inntekter på suvenirproduksjon.
|
Klatring på Briksdalsbreen. |
I nyare tid starta
Fjordfly rundflyging med turistar frå base i Loen. Eit forsøk med helikopterturar vart mindre vellukka, og planar om gondolbaner til fjelltoppane på 1970-talet vart ikkje realisert.
Stor utbygging
Alpinbakke med skitrekk kom på Utvikfjellet i 1963, og starta Stryn Sommarskisenter på Strynefjellet, frå 1987 med stort skitrekk. Sjå: "
Reiselivsbedrifter i Stryn".
Stryn Skisenter med alpinbakke vart bygd i 1982, og same året vart det store skianlegget for langrenn bygd ut på Ullsheim i Markane. Sjå: "
Idretten i Stryn".
I 1992 bygde eidaren
Aslak Lefdal stor turistskipskai ved den gamle mølla i Olden. No kunne cruiseturistane stige rett på land, i staden for å bli frakta til og frå skipa i småbåtar.
Nordfjord Havn har seinare overteke anlegget, og i 2008 var cruisekaia utvida for 30 millionar kroner.
|
Briksdalsbreen i 2002. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Verna naturperler
Jostedalsbreen nasjonalpark vart oppretta 1994, og
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn opna av statsminister Gro Harlem Brundtland i 1995. Saman med at Strynevassdraget med den mektige Videsæterfossen vart verna mot utbygging i 1993, og at Statens Vegvesen i 1997 peika ut gamle
Strynefjellsvegen som ein av våre nasjonale turistvegar, har dette gjort at Stryn kommune framleis kan vise fram eit av dei største landskapa i Sør-Noreg som til no ikkje er råka av utbygging.
|
Nasjonalparksenteret ligg på Fosnes ved Strynsvatnet. (Foto: NRK) |