1676
I 1676 vart 2-3 personar drepne då garden Ørnehaug i Råheimsdalen vart råka av snøras.
Ca. 1720
Ca. 1720 omkom ei tenestejente i eit jord- og steinskred på garden Leirsand ved Sygna.
Ras på Råheim
Gardstunet på Råheim i Viksdalen har fleire gonger blitt skadd av ras. Særleg ille for ei skrede i 1748, då ein av brukarane valde å flytte frå garden i staden for å byggje opp att.
1749
I 1749 seier segna at det skal det ha omkome 2-3 personar i ras og flaum som råka garden Ørnehaug i Råheimsdalen, men ulukka er ikkje skikkeleg dokumentert i skriftleg materiale. Det mest sannsynlege er at ei kvinne på garden kan ha omkome. Denne flaumen skal også ei stund ha truga kyrkja nede i Viken, og jordslam låg att i kyrkjebenkane då flaumen trekte seg tilbake.
1756
I 1756 omkom eit spebarn då tunet på garden Solheim ved Haukedalsvatnet brann ned. Mora vart sterkt forbrend då ho prøvde å berge barnet.
Skred i Hestadfjorden
I 1786 gjekk eit stort fjellskred ved Kirkelid. Skredet laga ei stor flodbylje i Hestadfjorden og gjorde stor skade. Lufttrykket frå skreda løfte tak av hus på andre sida av vatnet. Ingen menneske omkom, men rasmassane danna eit nes ut i vatnet som framleis heiter Svora (skredet).
Brurefylgje drukna
Tidleg på 1800-talet drukna eit brurefylgje frå Markeset ved Vadheim då dei skulle ro over Viksdalsvatnet til
Hestad kapell.
1815 - snøras
I 1815 omkom ein mann og ei kone då tunet på garden Indre Oppdal i Eldalsdalen vart teke av snøras og ført på elva.
1844 - snøras
I 1844 omkom to bønder frå Kvamen og Hestebeit i Viksdalen då dei vart råka av ei snøfonn medan dei køyrde heim høy frå stølen.
1851 - drukning
I 1851 drukna to brør frå Lending då dei var på veg over isen til skulen i Osen inst i Dalsfjorden.
1852
I 1852 omkom ein mann frå garden indre Eldal i Viksdalen i eit snøskred.
1868 - drukning
I 1868 omkom to menn frå Bjørvikstranda då jekta dei skulle segle til Bergen, sokk ved Heileberget i Dalsfjorden.
1894 - drukning
I 1894 drukna to skulejenter og bestefaren til den eine jenta , alle frå Roska, då dei gjekk gjennom isen på Viksdalsvatnet. Tidlegare hadde to menn frå Roska drukna på same vis. Etter ulukka i 1894 vart det sett i gang arbeid for å skaffe dei veglause gardane på Roska veg. Men vegen kom ikkje før i 1939. Fram til då var einaste farbar veg i stupbratte hamrar langs vatnet, der folk måtte ta seg fram med tau og boltar.
Snøras på Vikum
Garden Vikum ved Haukedalsvatnet har fleire gonger vore truga av ras. I 1993 raserte eit skred driftbygningen og mykje av den dyrka jorda. Også i 1955 og 1967 gjorde ras stor skade på garden, og etter raset i 1967 vart husa flytta til det ein meinte var ein tryggare stad.
1956 - snø- og steinskred
I 1957 omkom 74 år gamle Magnus Eldal i Eldalen då gardshusa vart sopa bort av eit snø- og steinskred. Sonen
Einar Eldal vart ført ut i elva, men greidde å berge seg i land etter å ha blitt ført utfor nokre stryk saman med vrakgodset. Det meste av buskapen vart drepen av raset. (Sjå biletet øvst på sida.)
Køyrde i fjorden
Tre ungdomar frå Fjaler omkom då ein bil køyrde i fjorden ved fjellet Saltkjelen i Bygstad på 1970-talet.
1997 - trafikkulukke
To unge menn frå Fjaler omkom i 1997 i ei trafikkulukke i vegkrysset på Storehaug.