også kalla "Atle jarl den mjove". Han skal etter sagaen ha styrt Sygnafylket (Sogn) ei tid.
(1759-1821) offiser (major) busett i Osen.
(ca. 1769-1829) frå Bell. Segna fortel at han vart funnen som spebarn i eit naust ved Vikdalsvatnet.
(1780-1846). Prost og eigar av storgarden Osen gard.
(1764-1806) frå Øvre Kjelstad. Kunsthandverkar.
(1766-1844) frå Øvre Kjelstad. Bonde og rosemålar, og opphavsmann til den kjende "Viksdalsmålinga" eller "Kjelstadstilen".
Bruse Larsson Løfald
(1781-1864) frå Hestad. Bonde, lærar og politikar. Medlem av kommunestyre, formannskap - og varaordførar 1845-1848 . Vararepresentant til Stortinget 1839, 1842 og 1845.
Ola Ottosen Selberg
(1787-1870) frå Bygstad. Bonde, og første ordførar i Gaular frå bondestanden då han vart valt i 1845-1848.
(1793-1863) frå Bygstad. Jekteskipper, og landskjend som såkalla "sterk mann".
Christian Gottfried Reinhardt
(1799-1870). Offiser og politikar. Kaptein i den Bergenske Brigade 1839-1864, og budde i Lavik. Stortingsrepresentant 1854 og 1857. Flytta til Sveen i Bygstad, der han døydde.
Gjert Eriksson Hetle
(f. 1809) frå Viksdalen. Bonde og rosemålar. Han var kjend som ein dyktig rosemålar med ein stil som seinare har vorte kalla "Gjert i Øyå"-stilen.
(1814-1910) frå Fossevik, busett på Skagen. Bonde og organisasjonsmann.
Ola Rognaldsson Døskeland
(1820-1906) frå Døskeland. Bonde og politikar. Var ordførar i Gaular i fleire periodar frå 1952, og nest etter Ola Selberg den andre "bondeordføraren" i Gaular. Far til
Ola R. Døskeland.
Albert Henrik Krohn Balchen
(1825-1908) fødd i Gaular, der slekta ei tid hadde tilknyting til Sveen. Prest og politikar. Var sokneprest fleire stader på Austlandet, m.a. i Trysil der han hadde mange offentlege tillitsverv. Stortingsrepresentant frå Sarpsborg 1868-1869 og 1871-1876. Vararepresentant frå Larvik og Sandefjord 1886-1891. Gav ut ”Udvalg af christelige Psalmer” (1851) og ”Kort Grundrids af den norske Ord- og Sætningslære ”(1854).
(f. 1816) frå Lundekvam. Kjend som meisterspelemann, gjekk under tilnamnet ”Spele-Gunnja”.
(1836–1910) frå Bygstad. Bonde, lærar og emissær.
(1849-1923) frå Lundekvam, busett på Nos. Skomakar og spelemann, som gjekk under tilnamnet Spelar-Ola.