SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Hjørnesteinsverksemda Vik Verk

Sveisar i arbeid på Vik verk. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
Sveisar i arbeid på Vik verk. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
Vidareforedling av norsk aluminium stod sentralt i den norske distriktspolitikken på 1960-talet, og Vik Verk som vart opna av statsminister Per Borten i 1968, var det mest synlege resultatet i Sogn og Fjordane på den tida. Seinare kom også Felgfabrikken Fundo i Høyanger.

Publisert 30.05.2002 10:02. Oppdatert 25.03.2004 12:46.

Ideen kom frå Bergen

Det var ei idegruppe i Bergen som i 1961 først lanserte tanken om ein vidareforedlings- fabrikk i Vik. I gruppa sat disponent Håkon Otre, siviløkonom Sigmund Gjesdal, bankdirektør Kaare Meland og advokat Gunnar Greve sr.
Håkon Otre, som opphaveleg kom frå Vik, var pådrivaren i gruppa. I Vik var det avdelingsstyrar Finn Larsen i Sogn Billag og kommuneingeniør Guttorm Holstad som var gruppa sine kontaktar.
Før planane vart lagde fram for byråsjef Harry Lindstrøm i Industridepartementet, hadde Holstad fått handgjeve eit område på 81 dekar ved elva Vikja til fabrikken.

150 nye arbeidsplassar?

Dei første planane gjekk ut på å skape 150 nye arbeidsplassar i Vik.
Det Bergen-baserte interimsstyret for Vik Aluminium kom i arbeid i 1962. Forutan Otre, Greve, Gjestdal og Meland, kom den Vikja-fødde HSD-direktøren og politikaren Finn Øen med.
Same året vart det lagt fram planar om ein fabrikk som skulle stå ferdig i 1965, med 100 tilsette og til ein kostnad på 30-35 millionar kroner.

Amerikanske kontaktar

I tida som fylgde, hadde gruppa kontakt med American Metal Climax (AMAX), som dreiv aluminiumsvalseverk i USA. I samarbeid med amerikanarane la dei i 1965 fram ein plan om eit folie- og tynnvalseverk i Vik.
Det statseigde Årdal og Sunndal Verk (ÅSV) vart invitert til å delta mot at det vart bygd eit kaldvalseverk i Årdal, basert på prosessar som AMAX hadde utvikla.

ÅSV seier nei

Men i staden vart planane møtte med sterk skepsis frå ÅSV, som helst ville stelle med utbygging av aluminiums-industrien i kongeriket utan innblanding frå ivrige idemakarar i Bergen.
I 1965 avslo ÅSV å gå inn som aksjonær. Det var på denne tida turbulente tider i aluminiumsmarknaden, og ÅSV grunngav avslaget med at dei måtte ta omsyn til kundane sine i Tyskland.
Men statsverksemda hadde ikkje noko imot at det vart bygd to kaldvalseverk i Årdal og på Sunndalsøra for 25 millionar kroner! Desse kravde ÅSV å stå som eineeigar av - sjølv om dei baserte seg på teknologi utvikla av det amerikanske selskapet. Dei kravde elles at valseverka skulle ha monopol på råstoffleveransar til fabrikken i Vik og til resten av AMAX-gruppa. Prisen ville dei diktere sjølve. Dei ynskte også vurdert andre lokaliseringsstader enn Vik, som dei meinte var både dyrt og utanfor allfarveg. Dei andre stadene som dei ynskte vurdert var Førde, Forus ved Stavanger og Holmestrand.

Politiske alliansar

Slike arrogante haldningar oppfatta interimsstyret i realiteten som eit "nei" frå ÅSV. Einaste utveg for å kome vidare, var å få politikarane til å overstyre det motvillige statsselskapet.
Bergensgruppa var dyktige til å byggje alliansar heilt frå starten av Vik-prosjektet, og sikra seg tidleg støtte frå mektige menn som m.a. departementsråd Karl Olai Skjerdal i Industridepartementet, styreformann i Distriktenes Utbyggingsfond og direktør i Norges Bank Erik Brofoss - og dåverande statssekretær i Industridepartementet, Ingvald Ulveseth.
Då Per Borten si borgarlege samlingsregjering kom til makta i 1965, hadde fleire i interimsstyret sine eigne politiske dører direkte inn til industriminister Sverre W. Rostoft og kommunalminister Helge Seip og deira statssekretærar. Det var desse dørene som no vart nytta for å berge Vik Verk og overstyre ÅSV.

Industriminister dikterer ÅSV til samarbeid

Vik verk. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Høgre-statsråden i Industridepartementet, Sverre Walter Rostoft, pressa ÅSV til samarbeid, ikkje minst etter at partikollegaen hans frå Sogn og Fjordane, Paul Svarstad, hadde vore ein flittig gjest i departementskontora og stilte grunngjevne spørsmål i Stortinget om saka.
I november 1966 kalla industriminister Rostoft styreformann og generaldirektør i ÅSV inn på teppet og bad dei samarbeide - eller så ville Industridepartementet som generalforsamling instruere dei om å samarbeide. Han forma til og med ut eit brev til Vik kommune og AMAX frå ÅSV og bad ÅSV-toppane om å underteikne!
Dette var særdeles sterk kost, og ei makelaus audmjuking av ÅSV-leiinga.
Men krisa vart løyst ved at samarbeidsavtalen mellom ÅSV og det canadiske storkonsernet Alcan (sjå "Alcan-tida og Hydro") som same året. Der fekk Alcan halvparten av aksjane i ÅSV. Industriministeren syrgde for at Alcan i avtalen plikta seg til å samarbeide om ein vidareforedlingsfabrikk i Vik.
Det var duka for ei dotterbedrift av ÅSV i Vik.

Vegsikringsutstyr

Største hallen i Vik verk. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
Prosjektleiar Hallstein Kjøllesdal vart no tilsett i ÅSV for å arbeide spesielt med Vik-prosjektet. I 1968 kom planen om at fabrikken i Vik burde satse på produksjon av vegsikringsutstyr i stål og aluminium. Første byggjesteg kosta 20 millionar kroner og fekk 20 tilsette i starten. Verksemda fekk rundeleg tilskot og lån i Distriktenes Utbyggingsfond, og den 3. juli 1969 vart Vik Verk offisielt opna av statsminister Per Borten, som hadde teke med seg både industriminister Rostoft og kommunalminister Helge Seip i fylgjet sitt frå Oslo.
Sivilingeniør Hallstein Kjøllesdal vart første direktør for Vik Verk.

Ein kjærkomen arbeidsplass

Verket har hatt store leveransar av takhimlingar. (Foto: Stein Magne Os, NRK)
Vik Verk vart ein kjærkomen arbeidsplass. På slutten av 1960-talet nærma den store kraftutbygginga i Vikfalli seg slutten. Her arbeidde det 145 personar frå bygda.
Då Vik Verk søkte etter dei første 15 medarbeidarane melde det seg 135 interesserte!
I 1971 starta verket også produksjon av akustiske takhimlingar, og fem år etter starten var ein oppe i 120 tilsette. På 1970-talet hadde verket også delproduksjon av utstyr til oljeboringsplattformer og store leveransar av takhimlingar til cruiseskip.

Nye eigarar

Norsk Hydro (no Hydro) vart eigar av Vik verk i 1986 i samband med at ÅSV vart slege saman med Norsk Hydro. På slutten av 1990-talet tok Hydro til å avvikle engasjementet sitt i Vik Verk, og selde sine siste aksjar i Euroskilt i Vik i 2003. Nye eigarar er komne inn, og verksemda er delt opp i fleire selskap med ulike produksjons- og ansvarsområde: Vik Verk AS, Euroskilt avdeling Vik, Vik Fasade AS, og NORAC avdeling Vik. I 2003 sysselset desse verksemdene til saman 115 personar. Vik Verk disponerer over eit industrianlegg på 12.000 kvadratmeter.
Etter fleire gode år hadde Vik Verk åleine auka til 85 tilsette i 2005.
Eigaren av Vik Verk, Euroskilt AS, gjekk i 2006 saman med Ørsta-Gruppen, og fekk etter dette namnet Euroskilt Ørsta AS. Det samanslegne selskapet har avdelingar i fleire land og kring 900 tilsette, og det er venta å produsere for 1,3 milliardar kroner i 2007.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no