|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Kjende personar i Vik: Sjur UlnessSjur Ulness (Ølnes) (f. 1866) frå Ølnes i Sogndal, busett i Vik. Metodistprest. Utvandra til Amerika 1884, men vende tilbake til heimlandet ca. 1890. Publisert 25.07.2002 11:16. Oppdatert 06.08.2002 13:02.I 1893 fekk han bygd den første "frikyrkja" i Sogn og Fjordane i heimbygda Sogndal - forsamlingshuset "Sion". Han slo seg ned i Vik i 1893. Der bygde han i 1895 eiga "kyrkje" som vart kalla "Ebenezer", finansiert av norskamerikanaren Erik Hauglum. Ulness gjekk seinare over til baptistane, og medlemane av trussamfunnet vart "attdøypte" i sjøen på Vikøyri. Sjølv nemnde han tilhengarane sine for ”den fri metodistkyrkja”.
Ulness gav frå 1892 til 1900 ut sitt eige kyrkjelydsblad - "Ild-Tungen". Det vart trykt i eit naust på Vikøyri. Bladet bytte seinare namn til "Sandhet og Frihet", og kom ut til 1916. I 1910 talde frikyrkja til Ulness 35 medlemer i Vik. I 1913 flytta han til Oslo, og kyrkjelydshuset "Ebenezer" vart leigd ut til Frelsesarmeen.
Ulness heldt fram med å gje ut ”Sandhed og Frihed” ein gong i månaden, .... eller ”so ofte Gud vil”, som det stod i kvart nummer. Bladet vart lagt ned i 1916.
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|