|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Vik: Høgdegarden Grønsberg | (Foto: Asle Veien, NRK) |
På garden Grønsberg, 450 meter over havet i Vik,vart det drive jordbruk på gamlemåten heilt fram på 1990-talet. M.a. bar ein mykje av høyavlinga i hus på ryggen. Publisert 31.07.2002 14:27. Oppdatert 05.01.2007 11:53.Kornet vart sådd med såkalla såhakking fordi det var så bratt, og dei uskifta teigane på dei to bruka på Grønsberg ligg om ein annan som eit lappeteppe.
Garden har ei mengd uthus, m.a. fjøs til kvart dyreslag. Trass i det bratte lendet og vanskeleg drift, hadde bruka i 1865 5 hestar, 22 kyr, 68 sauer og 4 grisar, og det vart sådd mykje korn. Fram til 1900 budde det 21 personar på garden.
TaubaneGrønsberg fekk ikkje veg før i 1979. Før den tid vart varer til og frå frakta med hest, frå 1956 med taubane. I 1965 kom den første slåmaskinen til gards.
Tildelt prisarBrita Grønsberg f. 1916 dreiv med sauer heilt fram til 1995. Den gamle driftaforma på Grønsberg vekte stor interesse mellom museumsfolk og filmfolk, og i 1990 fekk Brita og ektemannen Olav Ovrid (1911-1992) Kulturlandskapsprisen i samband med Landbrukets Miljøkampanje. I Kulturminneåret 1997 vart Grønsberg valt til Vik kommune sitt kulturminne. Husa er tekne vare på og nokre er restaurerte.
| Det har vore dyrka korn på Grønsberg |
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|