Tuberkulosebasillen smittar mellom menneske og dyr. Difor var det smitte frå eit eldre, tuberkuløst menneske som gjorde at ein i 1986 oppdaga det hittil siste kjende tilfelle av tuberkulose på ein buskap i Sogn og Fjordane. Det skjedde i Jølster.
Bruselose
Bruselose - ein sjukdom fører til at husdyr kastar fosteret, og også kan smitte til menneske - var mykje utbreidd på storfe i mellomkrigstida. Den vart utrydda med storfelt utslakting med offentleg støtte.
Skrapesjuke
Det første observasjonen av ein sjukdom som kunne vere den frykta sausjukedomen skrapesjuke, vart gjort på i ein saueflokk i Guddalen i Fjaler på 1880-talet. Truleg har det sidan vore skrapesjuke fleire gonger i fylket, utan at ein stilte diagnosen.
Det første sikre, registerte tilfelle av skrapesjuke i Noreg vart funne i Remmedalen i Eid i 1981. Sidan har det vore fleire utbrot, og det har m.a. vorte gjennomført nedslakting og bandlegging av gardsbruk, og sett sperregrenser for omsetning av livdyr for å hindre smitten i å breie seg. Slike tiltak er svært kostbare, og kan kome opp i 1 mill. kroner pr. gardsbruk.
Pelsdyr
I mellomkrigstida blomstra pelsdyrnæringa opp som ei viktig tilleggsnæring for Vestlands-jordbuket. Sunnmøringen Jens Noranger var tilsett som statskonsulent for hest på Vestlandet i 1922 - 1948. Men han viste også stor interesse for pelsdyravl, og reiste mellom 1925 og 1928 på fleire studieferder i Europa og Canada for å lære om sjukdomar på dei nye husdyra. I 1930 gav han ut ei viktig lærebok om sjukdomar og sjukdomsbekjemping på pelsdyr.
Havbruks-veterinærar
Kring 1970 fekk veterinærane i fylket ei ny utfordring: Den veksande havbruksnæringa og sjukdom på oppdrettsfisk. Den første som tok spesialutdanning i fiskesjukdomar i Noreg var fylkesveterinær på Vestlandet, Gunnar V. Eide, som i 1962 reiste til England for å sanke kunnskap der. Ein pioner i fiskemedisin i Sogn og Fjordane var distriktsveterinær Asgaut Bleie i ytre Nordfjord. Han påviste lenge før andre hadde kunnskap om fisk fleire av dei mest kjende sjukdomane på oppdrettslaks. Seinare er det fleire veterinærar i fylket som har spesialisert seg på fiskesjukdomar, og som arbeider berre i oppdrettsnæringa.