Sogn og Fjordane skattefutkontor ligg i Leikanger. Dei viktigaste oppgåvene for skattefutkontoret er innkrevjing av statlege avgifter, og som løns- og rekneskapssentral for statlege institusjonar i fylket.
Den største arbeidsoppgåva på innkrevjingssida gjeld moms - dvs. meirverdiavgift.
Sogn og Fjordane fylkesskattekontor fastset kor mykje kvar einskild næringssdrivande skal betale i moms, medan det er skattefuten som krev inn avgifta.
Elles er det skattefutkontoret som har ansvaret for fastlegging og innkrevjing av arveavgifter, og elles innkreving av ei mengd andre statlege avgifter og gebyr.
Skattefuten har også det overordna oppsynet med kommunekasserarane i deira arbeid som lokale skatteoppkrevarar i kvar einskild kommune.
Futar i dansketida
I dansketida var det futane (på bokmål: fogd) som m.a. stod for skatteinnkrevinga for kongen.
Sjølv om Noreg reiv seg laus frå Danmark i 1814, varde ordninga med futar (og fogderi) heilt fram til 1894.
Funksjonane til futane gjekk då over til politimeistrar på ordenssida og til fylkeskasserarar (skattefutar) på innkrevingssida. Nokre gamle "fute-funksjonar" vart også overførde til sorenskrivarane og lokale lensmenn.
Sidan dette var ei omfattande forvaltningsreform, gjekk det mange år før alt vart gjennomført. Såleis vart ikkje skattefutkontoret for Sogn og Fjordane skipa før i 1898.
Skattefutar i Sogn og Fjordane:
Johan Gurvin, amtskasserar 1898-1916
Adolf Assev, skattefut/amtskasserar 1916-1930
Einar Haukenæs, skattefut 1930-1946
Lars Hinna, 1946-1956
Fritjov Sørby 1956-1959
Fritjof Bartnes 1959-1964
Olav Rosenlund 1964-1975
Klaus Fottland 1975-1980
Reynold Svangstu 1980-1988
Knut Dokken 1988 -