Brun dreiv også handel og gjestgiveri på Hanehaug vest i bygda - sjå:
Hanehaug.
Brun var ein tiltaksfør mann som også vart ordførar. Det skal ha vore i eit juleselskap hos kjøpmannen at andre lystige karar frå bygda fann på at dei skulle påskjøne den driftige
Herman Brun ved å kalle opp det nye "bygdesenteret" kring butikken og kaia etter mannen som hadde skapt det meste der på Njøsasanden. - Alt dette meinte dei var "Hermans verk" - og slik vart bygdesenteret heitande Hermansverk.
I 1851 overlet Herman Brun eigedomane sine til sonen
Hans Johannes Brun, men han flytta eit par år seinare til Aurland og starta forretning og gjestgiveri der. Difor tok faren i 1860 tilbake eigedomane på Hermansverk og Hanehaug og dreiv dei til han døydde i 1865. Då tok enkja Engel Brun over og dreiv til ho døydde i 1881.
I 1876 brann dei fleste bygningane til Brun ned, men etter brannen bygde enkjefru Brun m.a. ny tingstove og ei stor handelsbu på kaia. Denne var eit kjent innslag i bygdesenteret heilt til huset vart totalskadd ved ein ny storbrann i 1979 - sjå om Fjordkroa under:
Kjøpmanns-greina i familien Knutsen.