Mange gardstun langs Hornindalsvatnet har vore utsette for fonnskader. Særleg ille gjekk det 4. juledag 1701 på Innigard på Navelsaker.
Midt på 1700-talet
vart ein mann frå garden Indre Rød på Stårheim sterkt skadd og gjort helselaus for retsen av livet etter åtak av ein bjørn.
1778
I 1778 drukna ein mann frå Torheim og to menn frå Ålfoten under fiske.
1815
I 1815 omkom sju menneske - seks menn og ei kvinne - då båten deira gjekk rundt utanfor Løkjaneset i Eidsfjorden. Dei omkomne kom frå gardar i Eidsbygda og kring Hornindalsvatnet.
1816
I 1816 omkom fire personar då garden Hanebrekke vart øydelagd av snøskred.
1831
I 1831 omkom heile mannskapet på fem menn frå gardane Os, Osnes, Myroldhaug, Alsaker og Hildenes på vinterfiske ute på kysten.
I 1831 omkom to gutar då tunet på garden Hoplandstøda på Skrede vart teken av snøskred.
1850
I 1850 omkom to gutar i eit jordskred på Åshamar då alle husa på garden Kalveneset vart øydelagde.
1851
I 1851 omkom to menneske frå garden Melheim i Hornindalsvatnet då ei kvinne med eit lite spebarn sprang på vatnet.
1867
I 1867 drukna tre menn, to av dei frå gardane Nes og Nor, i Hornindalsvatnet. Den tredje var den kjende bygdedokteren
Mattis Olson Loen.
1872
I 1872 omkom to menneske frå garden Melheim då ei kvinne med eit lite spebarn drukna i Hornindalsvatnet.
1872
I 1872 vart ei kvinne frå Heggja i Heggjabygda drepen under arbeidet med eit treskeverk.
1881
I 1881 omkom ein mann frå garden Furefjerding ved Hornindalsvatnet i eit snøskred.
Ei av dei største sjøulukkene i nordisk historie bar til 28. juni 1904, då det danske utvandrarskipet D/S «Norge» forliste ved sjøklippa Rock All i Atlanterhavet og 635 menneske omkom.
1907
I 1907 vart ein eldre mann på Skipenes stanga i hel av ein okse.
1911
I 1911 drukna ein mann frå Kjølsdalen og ein mann frå Endal i Bremanger kommune under fiske.
1921
I 1921 vart ein 26 år gamal gut frå garden Vedvik ved Hornindalsvatnet drepen av eit vådeskot under jakt i Svelgen.
1954
I 1954 vart ei 12 år år gamal jente i Botn på Stårheim drepen då ho fylgde ein løypestreng som var sett opp til å frakte ved med.
1955
I 1955 omkom ein ung mann då eit ambulansefly frå Bergen som skulle hente ei fødande kvinne frå Nordfjord sjukehus, havarerte ved Lidastranda vest for Nordfjordeid. Den omkomne var assistent ombord, medan flygaren berga seg ved å symje i land.
1975
Hausten 1975 gjorde eit jord- og steinras stor skade i eit bustadfelt i Prestemarka på Nordfjordeid. Ein mann berga seg såvidt ut før huset hans vart teke av raset, og store deler av Prestemarka var evakuert i lang tid av fåre for nye ras. Fangvoll og betongveggar vart bygde for å verne bustadområdet mot nye ras.
2004
I januar 2004 omkom to menn og ei kvinne frå Kjølsdalen i ei trafikkulukke ved Vindfylletunnelen ved Haus.
I 2006
vart ein mann frå garden Kviane i Eidsbygda stanga i hel av ein okse.