SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsla i Askvoll:

Dei første ferje- og bussrutene

Ferja Vangsnes ved kai på Eikenes i 1962. Foto frå boka
Ferja Vangsnes ved kai på Eikenes i 1962. Foto frå boka "Transport mellom fjordar - Firda Billag 1920-1995
Askvoll-halvøya var heilt fram til Folkelånsvegen vart opna mot Førde i 1979 utan vegsamband med omverda. Biltrafikken til og frå gjekk med ferja over Dalsfjorden frå Eikenes aust for Holmedal.

Publisert 04.12.2006 11:34. Oppdatert 14.12.2006 14:02.

I 1936 starta Jonas Haugland ei bilførande båtrute med motorbåten "Fagervik" på Dalsfjorden mellom Eikenes-Dale-Bygstad. Med eit påbygd "bildekk" kunne båten frakte inntil fire bilar på tvers av dekk. Ruta gjekk berre tre månader om sommaren dei første åra.
Olav Liabø starta like før 2. verdskrig ei passasjerførande vinterrute Eikenes-Dale-Bygstad med "Dagning", men måtte innstille då 2. verdskrig braut ut. Broren Ingolf tok opp att same ruta med passasjerbåten "Fram" like etter krigen.

Frå 1948 kom ferjetrafikken i gang att med dei bilførande båtane "Arnafjord" frå Sogn og seinare "Kvik IV" frå Telavåg. I 1952 tok Ola og Mads Halsnes over rute- og ferjetrafikken på Eikenes-Dale-Bygstad med "Varden II". Denne ruta gjekk som heilårsrute i regi av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane heilt fram til vegen Osen-Dale vart opna i 1958.

Varden II ved kai på Eikenes. Foto utlånt av Kjell Ask

Fylkesbaatane overtok

Sidan har Fylkesbaatane/Fjord 1 sytt for ferjetrafikken mellom Eikenes og Dale.

Den første bussruta på Askvoll-halvøya mellom Askvoll og Eikenes vart starta av Fylkesbaatane i 1936. Firda Billag starta bussrute mellom Askvoll og ferja på Eikenes i 1947, og omlag på same tid bussrute Askvoll-Stongfjorden. I dei gode sildeåra på 1950-talet sette den store hermetikkfabrikken i Askvoll (sjå Askvoll Canning Co. A/S ) arbeidsrute med eigen buss mellom Holmedal, Vårdal og Askvoll. Bussen var gul, og på dei elles så billause og smale vegane på Askvollhalvøya gjekk den under namnet ”Den gule fare” på folkemunne.

MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no