Olavsskaret i Vetvika
Vetvika er ei bygd som ligg i ei bukt på vestsida av Bremangerlandet. Ei segn fortel at då kong Olav den heilage segla framom Vetvik, fann han ingen høveleg stad å leggje båten sin. Han rende då like godt båten så hardt inn fjellet at han laga skaret – og dermed ei lun hamn for skipet.
Sylvkanneskaret
På Bremangerlandet ytst i Fåfjorden finn vi Sylvkanneskaret. Segna seier at Olav den heilage kasta ei sølvkanne opp i det bratte skaret. Den av mannskapet som kleiv opp og henta ned kanna, skulle få henne, sa kongen. Men ingen torde, og kanna skal etter segna liggje der den dag i dag!
På Hornelen skal både Olav Trygvasson og hekser ha vore til topps.
Utburdsteinen
Ved Skatestraumen stikk ein stein fire-fem meter opp av sjøen. Dette er Utburdsteinen. Segna seier at ei jente som fekk eit barn i dølgsmål, kasta barnet i sjøen for å drukne det her. Barnet vaks til ein vanskapning, halvt dyr og halvt menneske, og difor høyrer ein ein gurglande lyd ved steinen på fløande sjø. Den som talar stygt om Utburden, kan det gå ille, seier segna.
Mannen i Klubbura
Ved Skatestraumen ligg Klubbura. Segna seier at ura ein gong rasa ut og la ein gard øyde. Sidan har "Klubburamannen" gått att. Når han viser seg, er det eit teikn på dårleg vêr.
På 1300-talet skal baronen Serk ha budd på Grotle.
Ved Berle ligg det ei hole oppe i fjellet som vert kalla Kristihola. Namnet har hola etter ei kvinne som vart kalla Fante-Kristi.
Eldgamal kvinne ved Fåfjorden
På garden Svoren ved Fåfjorden skal det på 1700-talet ha levd ei kvinne som vart 105 år gamal. Ho heitte Marie Torsdotter Svoren, og skal ha levd frå ca. 1682 til 1787. Det må leggjast til at frå tid til anna hende at prestane ikkje var heilt nøyaktige med alderen når dei førte inn opplysningar om svært gamle folk.
Samanfall i torskefiske i Bortnepollen og i Ålfoten gjorde at folk trudde torsken symde gjennom ein tunnel.
Ein mannbjørn var etter segna ein bjørn som kunne skape seg om til menneske.
Brurafylgje slege i hel av steinskred
På Elde heiter ein høg hammar Brurahammaren. Segna seier at eit brurefylgje som kom over fjorden frå Maurstad søkte ly for uveret under denne hammaren. Då losna det eit skred oppe i hammaren, ramla ned over brurabåten og slo alle i hel.
Den fredlause i Otteren
Otteren er eit markert nes tvers over fjorden frå Bryggja. Den første som skulle ha budd på denne garden heitte Mekjel. Han var fredlaus og budde i ei steinur, og ura heiter framleis Mekjelura. Kva brotsverk Mekjel hadde gjort som dømde han til fredlaus, er ukjent.