Bak Vestlandske Telefonkompani stod ingeniør
Jens Sigfred Hopstock som hadde nær slekt i hotellfamilien Hopstock i Vik.
Vestlandske Telefonkompani kom i økonomiske vanskar, og lina og telefonstasjonen i Vik vart tekne over av Telegrafvesenet i 1898.
Lina over Vikafjellet vart ombygd i 1930-åra. Kring 1950 var det omlag 100 telefonnnummer i bruk i Vik. Men det kunne vere opptil fem abonnentar på kvart nummer.
I brislingfisketida var det ofte kø av fiskarar som skulle ringje heim frå stasjonen i Vik. I 1959 vart telefonstasjonen i Vik flytta over til det nye kommunehuset.
Telefonen i Vik vart automatisert i 1979 og knytt til fjernvalnettet. Abonnentane oppover Orvisdalen fekk automattelefon i 1977 og vart knytte til fjernvalnettet i 1979, samstundes med resten av Vik-bygda.