Nasjonalparkar og naturvern i Sogn og Fj.
Nærøyfjorden fekk denne statusen saman med Geirangerfjorden på Sunnmøre. Verdsarvstatusen gjer at store område kring fjorden og dalføret mot Stalheim vert bandlagde for vern.
Frå før er
Urnes stavkyrkje på Ornes i Luster med på UNESCO si verdsarvliste.
Utladalen landskapsvernområde
grensar inn til Jotunheimen nasjonalpark og strekkjer seg frå områda ved Tyin i sør til Feigumvassdraget i Luster i nord. Verneområdet dekkjer 314 kvadratkilometer, og av desse ligg 226 i Årdal kommune. Landskapsvernområdet vart skipa samstundes med at Jotunheimen nasjonalpark vart skipa i 1980, og det er utarbeidd felles forvaltningsplan for dei to fjellområda.
Ålfotbréen
er den vestlegaste isbréen i Noreg. Den dekkjer 70 kvadratkilometer og ligg i kommunane Bremanger, Flora og Gloppen, med høgste punkt 1632 m.o.h. Det er gjort framlegg om at Ålfotbréen og Gjegnalundsbréen skal verte landskapsvernområde med til saman 200 kvadratkm. innanfor vernegrensene.
Elles vert det arbeidd med planar for landskapsvernområde kring Naustdal/Gjengedalsvasssdraga i Gloppen og Naustdal kommunar og i Breheimen/Mørkridsdalen i Luster kommune.