Kosovo-farar vann nett-trekningOmlag 1000 nordmenn deltek i KFOR-styrken, og ein av desse vann Internett-trekninga denne månaden; lesjingen Håvard Amundgård. Publisert 05.10.2000 15:59. Oppdatert 05.10.2000 16:10.Dei fyrste nordmennene som drog ned til Kosovo, har no budd eit halvår i regionen. Ein av dei er er Håvard Amundgård (31) som til vanleg arbeider ved Lillehammer politistasjon, og han vann trekninga i konkurransen vår for mars.
Han drog ned til Kosovo i fjor haust, og har så langt hatt eit utfordrande halvår i PING, pansra ingeniørkompani, der han er rekognoseringsoffiser. Han fortel at det er mange opplendinger som tenestegjer i KFOR-styrken. Dei har gode fasilitetar i leiren, med både datamaskiner og Internett, TV-stue og sjølvbygd bar, samt splitter nytt kjøken til fleire millionar kroner. Dei har bygd leiren sin i ein utbomba lager-ruin, og er særs godt nøgd med standardhevinga sida dei kom ned i fjor.
Siste saker:
|