I Eid kommune har det vore stor produksjon av trevarer.
Ligg øvst i Eidselva og har sidan 1600-talet vorte nytta til industri.
Også på garden Øvre Os nede ved elvosen vart midt på 1600-talet bygd eit større sagbruk.
Børsesmed og klokkebyggjar med verkstad på Løken i Eid tidleg på 1800-talet. Bygde seinare smier på Bryggja, Osmundsvåg (Vågsøy) og i Volda.
Teglverk
vart drive i mindre målestokk i Uldegrova på garden Gjerde (sjå:
Claus Krohn Wiese) som eigde garden på 1840-talet.
Saltverk
I eldre tider vart det drive eit saltverk i Hundvik på ein stad som vert kalla Saltbusanden. Her vart sjøvatn kokt inn til salt. Fleire detaljar om når saltverket var i drift og kven som var eigarar, er ikkje kjende.
Garveri
Lars Kristenson Ous var gardbrukar på Os frå 1875 og starta og dreiv Ous Garveri ved sida av gardsdrifta. Yngste sonen Otto tok over garveriet. Også ved Fargarelva på Myklebust vart det drive garving av skinn.
Johan Anthonsen
bygde kring 1880 fargeri og tøystampe ved Stårheimselva, og vart på folkemunne kalla "Fargaren". Anthonsen hadde i ungdomen arbeidd som handelsbetjent og dampskipsekspeditør for kjøpmann. Sjølv starta Anthonsen landhandel på Stårheim kring 1900. Anthonsen dreiv fram til slutten av 1920-talet.
skipa i 1897 på Nor ved Hornindalsvatnet, og etablerte seg 1926 i nybygg på tettstaden Nordfjordeid.
Staarheim Meieri
Starta som samvirketiltak i 1898 og bygde eit etter måten stort meieri ved Stårheimselva. Kinner og andre maskiner vart drivne med vasskraft og reimdrift. Meieriet hadde tre tilsette og var i drift til 1930. Bygningane vart seinare overtekne av Hans Piel som dreiv Stårheim Bilverksted der frå 1952 før han bygde ny verkstad ved fjorden.
starta brusfabrikk på Nordfjordeid kring 1900.
Haugen Meieri
vart bygd ved elva Hjalma i 1900 og var i drift til 1949, då det gjekk inn i
Nor Meieri S/L. Bygget vart ominnreidd og sidan nytta til bustadhus.
- på folkemunne kalla Hundvikebakaren - starta som bakar på Nordfjordeid i 1901. Han bygde nokre år seinare ein større forretningsgard ved Eidsgata. Bakeriet var i drift til 1970-talet, og lokala har sidan m.a. husa klesforretning og frisørsalong.
Sivert Paulsen
bygde snikkarverkstad på Skårhaug i 1908. Han hadde tidlegare drive verkstaden i eit hus i Eidsgata der Nils Strand (også kalla Hallingen) hadde drive landhandel. Sonen til Sivert, Sigurd Paulsen, dreiv den vesle trevarefabrikken på Skårhaug vidare etter faren.
Wilmann Alsaker
starta i 1909 bakeri på Nordfjordeid. Han tok då over eit bakeri som onkelen, bakarmeister W. Johannessen, truleg hadde starta ein gong på 1870-talet. Huset brann ned i 1934, og i 1940 bygde Wilmann ein særprega tre-etasjers forretningsgard i mur sentralt i Eidsgata. Etter at bakeriet vart nedlagt, har lokala husa Nords Frisørsalong.
A/S Eid Mekaniske
vart starta av svensken Lundberg ca. 1915. Lundberg kom til Eid for å montere det første kraftverket i Kviefossen i Eidselva i 1915, og starta deretter ein liten fabrikk for produksjon av elektriske varmeovnar og steikeovnar. Fabrikken gjekk konkurs og vart avvikla i nedgangstidene på 1920-talet.
Elles i fylket var det på same tid små fabrikkar for elektriske artiklar både i Måløy, Sandane og Dale i Sunnfjord.
E. M. Aardal
starta i 1915 ein liten rivefabrikk i Kjølsdalen. Han hadde året før bygt eit lite kraftverk.
– eigd av Stavanger Konservesfabrikk, starta 1916 produksjon av saft og syltetøy i Wiese-løa på garden Gjerde.
Lisbeth Hunskår
(f. Engeset) starta bakeri og landhandel på Stårheim i 1921. I 1938 overtok Birger Sørland butikken og bygde ny forretning i 1950. Ektemaken Bergljot Sørland tok over drifta då Birger Sørland drukna i 1950, og dreiv landhandelen til midt på 1970-talet. Ei tid dreiv ho også kafé i 2. etasje i bygget.
P. Jacobsen Saftfabrikk
skipa 1922 – sjå
Nordfjord Konservesfabrikk.
På Nordfjordeid, starta i 1925 av Oscar Gjerde. Dette var ei av dei første verksemdene i sitt slag i fylket, og ei av dei største i Nordfjord.
opphaveleg frå Romsdal, var utdanna skreddarmeister, og starta på 1930-talet ein konfeksjonsfabrikk på Nordfjordeid.
vart grunnlagt på Nordfjordeid i 1934 av Lars Føleide f. 1896 frå Gloppen og svogeren Knut Rønnestad f. 1901 på Eidså.
Anders Rafshol
Starta bakeri på Stårheim 1937, men dreiv berre kort tid, og satsa sidan på frukthandel.
Eitt av dei største handelsgartneria i fylket, skipa 1937.
Grunnlagt 1937 av Ivar Nord. I etterkrigstida var Ivar Nord største entreprenørverksemda i Nordfjord, med kring 200 tilsette på det meste.
Samuel Nesbakk starta på slutten av 1930-talet skiproduksjon på Nes ved Hornindalsvatnet.
Karstein Humborstad Skinn og Lervarefabrikk
i Kjølsdalen vart driven av Karstein Humborstad frå 1945 til konkurs i 1954. På det meste hadde fabrikken 50 tilsette. Den fire etasjes fabrikkbygningen i betong står i Kjølsdalen enno.
starta trelasthandel i Heggjabygda like etter krigen.
bygde bensinstasjon på Hjelle. Verkstadbygningen ved bensinstasjonen er nytta til traktorverkstad.
skipa 1946 av Alf Frislid. Hovudprodukta har vore herrekonfeksjon.
Gudbrand Balsnes
starta høvleri og sagbruk ved Bjørhovdebrua på Haugen i 1947. Verksemda var i drift til kring 1966, og vart driven med eigen vassturbin.
Per Haugen
starta ein liten møbelfabrikk på garden Skrede ved Hornindalsvbatnet i 1948.
Fjordane Skofabrikk
skipa 1950 av tidlegare banksjef i
Eids Privatbank A/S, Oskar Dalsæth, heldt til i ”Wieseløa” på garden Gjerde til 1975. (Sjå også Peder Jacobsen under.)
Driv produksjon av sjølvlysande fiskereidskap.
Stårheim Bilverksted AS
på Stårheim vart grunnlagt i 1952 av Hans Piel. Verksemda heldt dei første åra til i det nedlagde Staarheim Meieri, men flytta inn i nybygg ved fjorden i 1962. Sidan er verksemda sterkt utvida, og har i 2001 over 20 tilsette. Firmaet driv bensinstasjon, reparasjon, bilberging og er bilforhandlar.
Hjelle gartneri
på Stårheim vart starta i 1954 av Mathias Hjelle. Han var også postopnar. Gartneriet var i drift til midt på 1990-talet.
Halse Bilverksted
vart starta i 1956 på Stårheim av Johan Halse. I 1962 starta han også som maskinentreprenør, og hadde på det meste fire tilsette. Etter at Halse sjølv slutta med bilverkstad, har m.a. Vest Auto leigd anlegget.
Totlands Sementvarefabrikk A/S
grunnlagt 1958 på Nordfjordeid av Olaf Totland, som tidlegare også dreiv drosje og bensinstasjon. produserte bygningsstein, betongrøyr m.m., men har dei siste åra avgrensa verksemda til ferdigbetong. (Sjå elles
Forretningsfamilien Totland ).
Øien Båt AS
Starta i 1959 av Leif Øien og Olav Bakke. Dei bygde først ein fabrikk for produksjon av plastbåtar på Ålundsneset. I 1964 vart Leif Øien eineeigar og flytta produksjonen til nytt anlegg på heimegarden. I 1978 bygde Øien ny proudksjonsbygning slik at samla areal kom opp i 750 kvadratmeter. Sonen Arild Øien tok over som dagleg leiar i 1985. Verksemda har sysselsett opp til 12 personar, og har i 2003 åtte tilsette.
Per Manseth
starta kring 1960 fabrikk i Remmedalen for produksjon av m.a. gjødselspreiarar etter eiga oppfinning. Han konstruerte òg ein vribar båtpropell, som var i produksjon på Nordfjordeid ei tid. Manseth konstruerte også den velkjende fôrtransporteren ”Vossakassa”. Etter konkurs, flytta Manseth til Ørsta, der han sidan m.a. arbeidde som oppfinnar og produktutviklar for Ørsta Stålindustri.
Vestlandske Salslag bygde sentralslakteri på Nordfjordeid (Osnes) i 1964.
Humborstad Pølsefabrikk
vart drive i Kjølsdalen av Berge Humborstad på 1960- og 1970-talet. Verksemda var grunnlagt like etter krigen av faren Sverre Humborstad. Etter konkurs, flytta Berge Humborstad til Canada, der han dreiv pelsoppdrett til han omkom i ei flyulukke.
Gjerde elektroservice
- sjå
Eid Installasjonsforretning.
Gruveselskap med hovudkvarter i Bærum, som m.a. driv utvinning av olivinstein frå gruvene i Lefdal, og med knuseverk og utskipingskai på Kalneset ved Bryggja.
West-Mekan A/S
Grunnlagt på Nordfjordeid i 1970 av Sigurd Rønnekleiv og Paul Skibenes m.fl. Produserer passasjerstolar, båtutstyr og propellanlegg, og hadde i 2000 25 tilsette og ei årsomsetning på 25 mill. kroner.
Grunnlagt 1971 av Reidar Klungsøyr, som dreiv Smedvik Verksted i Tjørvåg på Sunnmøre.
Eid Elektro AS
- sjå
Eid Installasjonsforretning.
Hjelle Traktorservice
- sjå
Knut A. Hjelle .
Starta 1986 blåskjellproduksjon og mottak i Hennebygda.
Skipa i 1986. Største bakeriet i Nordfjord.
Vestlandske Salslag - VS Eid
-sjå
Vestlandske Salslag i Nordfjord.
Vest Auto AS
bilforhandlar og verkstad vart starta på Stårheim i 1989 av Geir Ove Åsebø med fleire. I 2002 flytta verksemda til industriområdet i Øyane på Nordfjordeid. I 2006 hadde Vest Auto ei omsetning på 20 millionar kroner og ni tilsette.