|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Skular i Førde: Førde Metallfagskule | Yrkesskulen vart slegen saman med husstellfagskulen og heiter i dag Øyrane vidaregåande skule. (Foto: NRK) |
Førde Metallfagskule vart grunnlagt i 1935. Publisert 29.08.2001 15:28. Oppdatert 23.05.2007 10:46.Grunnleggjar av skulen var maskiningeniør Jørgen Neverdahl.
Skulen hadde 14 elevar første året, og vart offisielt kalla Sogn og Fjordane Metallfagskole frå 1937. Neverdahl dreiv skulen privat, men med offentlege tilskot, og han bygde stort skulebygg ved sida av ungdomshuset Viking.
Tyskarane stoppa skulen 1942-1945. Kommunen tok over drifta i 1950, og fylkeskommunen i 1952. Den skifta då namn til Fylkesyrkesskulen i Førde, og frå 1961 Førde Yrkesskule. Nybygg i 1964, med utviding i 1966, og på 1970-talet 230 elevar. Yrkesskulen vart seinare slegen saman med den fylkeskommunale husstellfagskulen og flytta i 1994 til nybygg på indre Øyrane.
| Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
Det meste av det gamle skuleanlegget på Hafstad vart rive for å gje plass til nybygget til Hafstad vidaregåande skule.
| Ein av bygningane til yrkesskulen er integrert i nye Hafstad vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|