Fabrikken heitte dei første åra ”Cementvarefabrik” og heldt til i ei lita bu ved dampskipskaia på Steinen. Sanden vart henta frå eit sandtak på Vie. Hovudproduktet vart
|
Karl Opseth |
sementrøyr, man Opseth forsøkte seg også på takstein, kummeringar og gravmonument. Kundar var m.a. kommunar i vestlandsfylka og byggevarefirma i Bergen og Florø. Karl Opseth dreiv også som anleggsentreprenør på 1930-talet, og kunne ha opptil 18 mann i slikt arbeid. Under 2. verdskrig tok han også store byggjeoppdrag for okkupasjonsmakta, noko Karl Opseth vart idømt ei bot på 3.000 kroner for av Høgsterett.
Folkeaksjon gav nytt fabrikkbygg
I 1950 vart det bygd ny fabrikk på Steinen. I etterkrigsåra var det svært vanskeleg å få lån til nye industritiltak. Men Karl Opseth sende ut eit bøneskriv om hjelp til sambygdingane og fekk 116 privatpersonar i Førde til å skyte inn kapital for å reise den nye fabrikken. Opseth betalte seinare tilbake dei lånte pengane til kvar einskild. I 1955 vart fabrikken på Steinen utvida til det tredoble.
|
Førde Sementvarefabrikk på Steinen på 1960-talet |
Familieverksemd i tre generasjonar
Sønene John Opseth f. 1926 og Kåre Opseth f. 1928 tok til å arbeide ved fabrikken til faren på 1940-talet, og tok over leiinga på 1960-talet. Jon sin eldste son, Kurt Opseth, hadde nokre år den daglege leiinga av selskapet før Kåre sin son,
Lasse Opseth tok over som adm. dir. i 1994.
Ny fabrikk på Bruland
I 1961 overtok Førde Sementvarefabrikk 2/3 av aksjane i den lokale konkurrenten Ny Ideal Betongvarefabrikk A/S som John Farsund og Anders Bolseth hadde starta i 1952, og i 1964 resten av aksjane.
I 1968 bygde Førde Sementvarefabrikk ny fabrikk på Bruland, der det er store sandførekomstar. Fabrikken vart utvida i 1974. I åra mellom 1967 og 1997 var Førde Sementvarefabrikk stor produsent av oljegrus.
I 1990 gjekk Førde Sementvarefabrikk saman med A/S Veidekke og skipa selskapet Førde Asfalt A/S som bygde eit stort asfaltverk ved industrikaia på Øyrane, men Førde Sementvarefabrikk trekte seg ut i 1997. I dag er det Kolo Veidekke AS som driv anlegget.
Forretningsgard i sentrum
Førde Sementvarefabrikk eig ei verdfull tomt sør for E39 i Førde sentrum, og her bygde selskapet ein treetasjes kombinert forretningsgard og husvere i 2000.
|
Førde Sementvarefabrikk på Bruland, fotografert frå Førdenipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK |
Mislukka satsing i Naustedalen
I 1975 bygde Førde Sementvarefabrikk også ein fabrikk for bygningsstein og bygningselement ved sandtaket Jubrauta i Naustedalen. Fabrikken hadde på det meste 15 tilsette. Men elementproduksjonen lønte seg ikkje og vart lagd ned i 1989. Fabrikken i Naustedalen heldt fram med vanleg blokksteinproduksjon fram til 1993 då den vart stengd for godt, og drifta av sandtaket i Jubrauta gjekk over til andre.
I 1997 kjøpte sementvarefabrikken Ferdigbetong AS på Vie frå Hjelmeland-familien.
Oppkjøp i Sør-Noreg
I 1989 kjøpte Førde Sementvarefabrikk konkursbuet Nye Spjelkavik Cementvare ved Ålesund og skipa selskapet Vest Betong AS. Men heller ikkje her lønte det seg, og fabrikken, som produserte såkalla kommunalvarer, vart lagd ned i 1992.
Førde Sementvarefabrikk har ekspandert sterkt på 1990-talet, og har forutan Førde avdelingar i Trondheim, Vinstra, Vingrom og Blaker, og eig 50 prosent av Fjordbetong i Florø. I Førde eig selskapet m.a. nytt forretningsbygg ved E39 i sentrum, og tomter på Øyrane.