Leirvik ligg i enden av Bøfjorden, ein kort sidearm til Sognefjorden, og er den største tettstaden i Hyllestad kommune. I 100 år var Leirvik tilhald for offiserar, og Utstillingsplassen vart ei tid nytta som eksersisplass. (Sjå
Krigshistoria i Hyllestad).
Leirvik var i 1660 eigd av lagmann Hans Hansen i Bergen. Seinare kom garden under Kaupangergodset, som eigde store jordvidder i Leirvik og bygdene ikring. Gardstunet i Leirvik brann i 1774, og enkjefru Knagenhjelm i Kaupanger selde i 1745 garden til kaptein Ole von Holck frå Trondheim.
Holck i tre generasjonar
Holck var kaptein for Vestre Ytre Sognske Kompani og vart seinare oberstløytnant. Han bygde eit etter måten stort våningshus i det nye tunet, med jarnomnar og ark på
taket.
Det vart den yngste sonen, kaptein
Hans Henrik Hornemann Holck (1735-1809) som overtok Leirvik gard då foreldra døydde. Han vart også kommandant i Vestre Ytre Sognske Kompani, og slo under seg mykje jord i Hyllestad. Seinare vart han kommandant i det Holmedalske Kompani som hadde eksersisplass på Dingemoen i Dale (sjå
Fjaler kommmune).
Hornemann Holck vart styrar av posthuset som opna i Lerivik i 1786. Kona hans Martha Margrethe (1748-1838) fekk i 1821 løyve til å drive gjestgiveri i Leirvik. (Sjå
Dei første gjestgiveria)
Den mest kjende av borna til Hans Henrik Hornemann Holck var Eidsvoldsmannen
Ole Elias Holck som busette seg i Alværa.
Broren Knud Kraft Holck (1789-1870) vart den tredje og siste i slekta som arva Leirvik-garden (sjå
Wolff-familien tek over). Knud fylgde militærtradisjonen i slekta og vart etterkvart generalmajor ved Bergenhus festning.