|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia og samferdsla i Solund: Utvær fyr | Fyrtårnet vart montert i 1900. (Alle foto: Steinar Lote, NRK) |
Utvær fyr er eitt av dei store og viktigaste fyra på Vestlandskysten. Men sjølv om Utvær låg midt i eit rikt fiskefelt, gjekk det etter måten lenge før det kom fyr på øya, samanlikna med fiskefyra kring Kinn (sjå " Fiskerifyra kring Flora"). Publisert 11.03.2002 11:14. Oppdatert 26.08.2004 10:41.LYD OG VIDEO
| Fyrlykta på Utvær. |
Fyrkommisjonen vurderte ikkje Utvær verken i 1851 eller 1855. Først i 1896 kom det med i planane etter at Bergen Kystskipperforening hadde purra på at det måtte byggjast fyr både der, på Geita ved Lutelandet og på Kvanhovden ved Frøysjøen.
Det 31 meter høge støypejernstårnet vart levert av firmaet P.H. Lundh og vart montert i 1900. Bustadhuset fekk tre husvære for fyrvaktar, assistent og reserveassistent.
Under 2. verdskrig var Utvær fyr eitt av dei mange norske fyra som vart sterkt skada i allierte flyåtak (sjå også " Krigshistoria i Vågsøy"). Lykt og linse vart øydelagt og bustadhuset brann ned til grunnen. Det vart bygd opp att i 1948.
Utvær fekk såkalla bifyr i 1952 og radiofyr i 1954.
Utvær er med i verneplanen for norske fyr, og var i 2002 framleis bemanna (sjå video ovanfor). Automatisert i 2004. Utvær var saman med Ytterøyane fyr vest for Florø dei siste fyra i Sør-Noreg som vart automatiserte.
| Utvær fyr sett frå sjøen. |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|