SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Solund:

Shetlandsfarten

MTB 623 legg ut frå Shetland med kurs mot Solund
MTB 623 legg ut frå Shetland med kurs mot Solund
Det første krigsåret gjekk rømingsrutene mot Shetland for det meste frå skjergarden i Hordaland. Etter kvart rekte tyskarane opp desse rutene, og aktiviten flytta seg lengre nord etter kysten.

Publisert 13.03.2002 09:39. Oppdatert 13.11.2006 14:34.
Utvær og Hjønnevåg i Solund vart frå 1941 nokre av dei mest sentrale samlingspunkta for rømlingar som ville over til Shetland. Lengre nord var det Værlandet og Bulandet,
Bremanger og Vågsøy. Det var frykta for tysk arbeidsteneste som sette fart i Shetlandsfarten frå 1941. Mange ottast at arbeidstenesta berre var eit forspel før dei vart sende til Austfronten.

Den første båten

Den første båten vestover frå Solund var gavlen "Ingeborg" den 27. august 1941 med 7 personar ombord. Ein svært sentral person i organiseringa av Shetlandsfarten var lensmannen i Solund, Johannes Mathiesen. Også sokneprest Hjalmar Storeide gjorde ein stor innsats. Begge vart avsette av tyskarnane i 1943, men heldt fram med motstandsarbeidet.

Fleire skøyter frå Solund vart "stolne" av ungdomane som rømde vestover, og i mange tilfelle hadde eigarane gjeve eit forsiktig signal om at " det var berre å stele". Ei av dei kapra skøytene var "Steinborg" som drog til Shetland i 1941 med 13 ungdomar ombord.

Båtane var små, og mange gonger stod det om livet i stormen. Verst ute var 40 fot-skøyta "Thelma" som vart broten ned av ein kjempesjø. Motoren slokna, men skuta flaut og dreiv ei natt mot eit rev på Orknøyane. Dei 11 ombord berga seg i land i lettbåten.

Eineståande lojalitet

Så ope og gjennomsiktig som det var i bygdene i Solund, visste dei fleste "eitt eller anna" om den illegale Shetlands-trafikken og om MTB-ane som låg på lur ved skipsleia.
Men sulingane viste ei eineståande evne til å halde tett, og kjende krigs-historikarar framhevar sulingane som eit framståande døme på kor lojale kystfolket var under 2. verdskrig.

Hovedside:
· Krigshistoria i Solund


MEIR OM SOLUND 
Solund kommune

 
Historia i Solund
Industri og næring i Solund
Kjende personar i Solund
Kommunehistoria i Solund
Krigshistoria i Solund
Kyrkjer i Solund
Samferdsle i Solund
Skular i Solund
Verd å sjå i Solund

 
Lyd frå Solund
Video frå Solund
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no